Vinca minor

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Vinca minor

Vinca minor

  1. norsk: gravmyrt, gravmyrtel, singrøn
  2. dansk: liden singrøn, singrøn, vintergrøn.
  3. svensk: vintergröna, gravmyrten, sinngröna.
  4. engelsk: lesser periwinkle, common periwinkle, dwarf periwinkle, periwinkle, vinca, running-myrtle, blue buttons, devil's eye, joy on the ground, sorcerer's violet (trollmanns fiol).
  5. tysk: : Kleines Immergrün, Immergrün, Bärwinkel, Jungfernkraut, Singrün, Totengrün, Totentanz, Wintergrün.
  6. fransk: grande pervenche.
  • Apocyanaceae, gravmyrtfamilien, fleirårig.
  • Gammal klosterplante
  • Brukte plantedeler: Blad eller overjordiske deler, både blomstrande og ikkjeblomstrende skot.
  • Bruk: prydplante, medisinplante.
  • Gravmyrt er i Legemiddelverkets urteliste klassifisert som reseptpliktig legemiddel og har såleis omsetningsrestriksjonar i Norge.
  • I urtehagen veks gravmyrten i det oppbygde bedet bak epletreet til høgre ved inngangen.

Eigenskapar etter tradisjonen

Gravmyrt er ei skarptsmakande, svakt bitter urt med samantrekkjande, blodstillande, krampeløysande, blodtrykks- og blodsukkersenkande, immunstyrkande, cytotoksisk, roande, smertestillande og urindrivande eigenskapar. Skal òg kunna auka blodflyten i hjernen slik at tilførsel av oksygen og glukose betrast. Har vore brukt innvortes ved kraftig menstruasjonsblødning, ufrivillig vasslating, blærekatarr, indre blødningar, naseblod, hemoroider, akutt og kronisk revmatisme, høgt blodtrykk, høga blodsukkerverdiar, kronisk mage- og tarmkatarr, magesår, diaré, dyspepsi, sår hals, bronkitt, kikhoste og demens som skuldast redusert blodtilførsel til hjernen. Planta inneheld substansar som er sterke cellegifter og som er brukte i kreftterapien.

Utvortes

Utvortes har gravmyrtblad vore brukte ved sår hals, munnsår og tannkjøtbetennelse (som gurglemiddel), vaginal utflod (som vask), på mindre hudbetennelsar, eksem, sår og blødningar (som vask, våte kompressar eller omslag) og ved naseblødning (knuste blad rullast saman og stikkast opp i nasen). Gravmyrt vart brukt av dei gamle bartskjerarane som middel mot sår og byllar.

Gravmyrt skulle etter folketrua kunna verna mot den vonde sjølv, om ein bar ein blomstrande kvist på seg. Ein krans av gravmyrt over døra verna mot hekser og det dei kunne utføra av trolldom og styggedom.

Ved å stira inn i gravmyrtens blå blikk skulle ein kunna framkalla tapte minne.

NB! Gravmyrt skal ikkje brukast av gravide. Gravmyrt er giftig i store dosar!

Litteratur

  • Chevallier, Andrew: Damms store bok om medisinske urter, Oslo, N.W.Damm & Søn, 2003. ISBN 82-496-01-58-0
  • Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
  • Grieve, mrs. M: A modern herbal 1931, rev. ed. 1973, Merchant Book Company Ltd, Surrey. ISBN 1-904779-01-8
  • Hjelmstad, Rolv: Medisinplanter i Norge, Oslo, Gyldendal, 2012. ISBN 978-82-05-41914-8
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Ljungqvist, Kerstin: Nyttans växter , Dals Rostock, Calluna Förlag, 2006. ISBN 91-631-7128-7
  • Nielsen, Harald: Lægeplanter og trolddomsurter, København, Politikens Forlag, 1976. ISBN 87-567-2665-1
  • Olesen, Anemette: Danske klosterurter, Aschehoug Dansk Forlag A/S, 2001. ISBN 87-11-16243-0
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5