Taraxacum officinale

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Taraxacum officinale

Taraxacum officinale

  1. norsk: løvetann, hesteblom, griseblom, gulbruse, kaningras, gullbost, nattsveve, koppeloppe, kappilaup, skabb, fandens melkebøtte, solvender, luseblom m.fl.
  2. dansk: mælkebøtte, fandens mælkebøtte, løvetand.
  3. svensk: maskros.
  4. islandsk: fífill, túnfífill.
  5. engelsk: dandelion, common dandelion, cankerwort, wet-a-bed, lion's tooth, fairy clock, priest's crown, swine's snout, blowball, milk gowan, wild endvie, puffball, Irish daisy.
  6. tysk: Löwenzahn, Butterblume, Kettenblume, Kuhblume, Pusteblume, Sonnenwirbel.
  7. fransk: pissenlit officinal, dandelion officinal, dent-de-lion, dent-de-lion commune, florion d'or, pissenlit, pissenlit dent-de-lion, pissenlit vulgaire.
  • Asteraceae, korgplantefamilien, fleirårig.
  • Brukte plantedeler: rot, heil plante, blomst.
  • Bruk: medisin, mat, kaffierstatning, vin
  • Løvetann er i legemiddelverkets urteliste klassifisert som handelsvare.
  • I urtehagen veks løvetann vilt.

Eigenskapar og bruk etter tradisjonen

Etter tradisjonen verkar løvetann urin- og galledrivande, avførande, leverstyrkjande, avgiftande, appetitt- og fordøyingsstimulerende, motverkar tarmgass, er nærande, styrkjande, slimløysande, antirevmatisk, blodtrykks- og febersenkende og sopphemmande. Løvetann skal kunna hjelpa til å løysa opp slaggstoff i kroppens bindevev. Løvetann har vore brukt ved leversjukdomar, gulsott, hepatitt, galle- og nyrestein, væskesamlingar, lungeødem, hovne bein, appetittløyse, svak fordøyelse og dyspepsi, tarmgass, magekatarr, obstipasjon, overvekt, revmatisme, gikt, leddgikt, åreforkalking, høgt blodtrykk og høg kolesterol, anemi, diabetes, hudsjukdomar som eksem, psoriasis, akne, byllar, vorter, soppinfeksjonar og skader. Den stoffskiftestimulerande verknaden av løvetann skal ha gunstig effekt på bindevevet i kroppen, og på dette området seiast løvetann å vera betre enn dei fleste andre medisinplanter. Rota har dessutan ein mildt betennelseshemmande verknad, noko som støttar den tradisjonelle bruken av løvetann i behandling av revmatisme. Alt dette gjer at revmatikerar truleg med hell kan bruka løvetann.

Utvortes

Mjølkesafta i løvetannstenglane har forsøksvis vore brukt til å fjerna vorter, men safta kan medføra ubehag i form av kontaktallergi, særleg hos barn. Uttrekk av blad og blomst av løvetann er fint å vaska sår og hudplager med. Eit kjerringråd seier at hvis ein har brent seg på brennmanet, kan ein bryta av stilken på ein løvetann og smørja på plantesafta, noko som skal gje umiddelbar lindring.

Løvetann er ei god og svært næringsrik plante som gjerne kan brukast til mat. Planta er rik på mineral, særleg kalium og jern, og på vitamina B, C og betakaroten. Den friske urta har vore brukt til å behandla skjørbuk. Blomsterknoppane kan steikjast og for eksempel brukast som fyll i ein omelett. Om våren er det fint å bruka dei friske blada til ein smakfull salat, eller dei kan kokast som spinat eller brukast i supper og stuingar. Røtene kan vaskast, kokast og etast som gulrot, men dei har absolutt ikkje tilsvarande smak. Løvetannblad smakar bittert, og for å dempa noko av det bitre, kan blada bleikast. Det kan gjerast ved at ein på ein stad med mykje løvetann fjernar blada og deretter dekkar plantene med svart plast, sand eller ei bytte. Dei nye blada som veks opp er lyse på farge og mykje mildare på smak. Det dannast nemleg mindre bitterstoff når lyset ikkje slepper til.

Særleg i samband med krig har løvetannrot vorte tørka, brend og malen til kaffierstatning.

Om ein har rik tilgang på plantemateriale kan løvetannblomst med hell brukast som råstoff for vin.

Litteratur

  • Atha, Antony: Prismas stora örtabok, Stockholm, Bokförlaget Prisma, 2002. ISBN 91-518-3966-0
  • Chevallier, Andrew: Damms store bok om medisinske urter, Oslo, N.W.Damm & Søn, 2003. ISBN 82-496-01-58-0
  • Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
  • Grieve, mrs. M.: A Modern Herbal, Merchant Books Co. Ltd. 1931, rev. ed. 1973. ISBN 1-904779-01-8
  • Hjelmstad, Rolv: Medisinplanter i Norge, Oslo, Gyldendal Norsk Forlag, 2012. ISBN 978-82-05-41914-8
  • Høeg, Ove Arbo: Ville vekster til gagn og glede, Universitetsforlaget AS, 1985. ISBN 82-00-06321-6
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Ljungqvist, Kerstin: Nyttans växter, Dals Rostock, Calluna Förlag, 2006. ISBN 91-631-7128-7
  • Norman/Railo: Norges spiselige planter og bær, Oslo, J.M. Stenersens Forlag AS, 2015. ISBN 978-82-7201-599-1
  • Nielsen, Harald: Lægeplanter og trolddomsurter, København, Politikens Forlag, 1976. ISBN 87-567-2665-1
  • Olesen, Anemette: Lægeplanter fortæller historie, Forlaget Kongsvang, 1994/1997. ISBN 87-984854-8-2
  • Pahlow, M: Das grosse Buch der Heilpflanzen, Augsburg, Bechtermünz Verlag, 2001. ISBN 3-8289-1839-5
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5