Tanacetum vulgare

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Tanacetum vulgare

Tanacetum vulgare

Tanacetum skal vera avleidd av det greske ordet for udøyeleg, athanaton.


  1. norsk: reinfann, renfang, regnfang, reinfar, reinfonn, reinfant, raudryllik, tangsigras, tannsi, tansegras, herremann, herremannsknapp, ungkarsknapper. Varianten Tanacetum vulgare var. crispum, som er den vi har i urtehagen, blir gjerne kalla munkereinfann eller pyntegrønt.
  2. dansk: rejnfan, regnfang, guldknap.
  3. svensk: renfana, rejnfånun. Namnet gubbaskägg og munkrenfana brukast om Tanacetum vulgare var. crispum.
  4. islandsk: regnfang, reinfáni.
  5. engelsk: tansy, bitter buttons, golden buttons, yellow buttons, bachelors buttons, hindheel, parsley fern, ginger plant.
  6. tysk: Rainfarn, Wurmkraut, Boerenwormkruid.
  7. fransk: tanaise, tanaise commune.
  • Asteraceae, korgplantefamilien, fleirårig.
  • Gammal klosterplante.
  • Brukte plantedeler: heil, ung plante, blomst.
  • Bruk: medisin, abortivum, insekt- og parasittmiddel, fargeplante, magi.
  • Reinfann er i legemiddelverkets urteliste klassifisert som legemiddel.
  • I urtehagen har munkereinfann dukka opp på eiga hand, truleg som blindpassasjer med planter vi har fått frå Botanisk hage/Arboretet. Munkereinfann skulle ha sterkare verknad enn den ville sorten. Denne utgåva av reinfann har iallfall større prydverdi.

Eigenskapar og bruk etter tradisjonen

Reinfann er tradisjonelt brukt mot innvollsorm og som insektavskrekkande middel. Reinfann skal òg ha abortframkallande, appetittvekkjande (bitterdroge), antiseptisk, krampeløysande, sveittedrivande, magesyrestimulerande, fordøyingsfremjande, galle- og menstruasjonsdrivande effekt og har vore nytta mot tarmparasittar, lopper og lus, ved gulsott, nyresjukdom, fordøyingsplager, åreknutar, blødningar i huda og forstuingar.

Hildegard von Bingen (1098-1179) skriv, omsett til dansk: En kvinde med kraftig menstruation skal blande rejnfan med matrem (Tanacetum parthenium) og lidt kongelys (Verbascum thapsus/nigrum) og koge dette sammen. Dette bør hun tage bad i ved at sidde på urterne.


Planten inneheld ein eterisk olje der det mellom anna finst tujon og kamfer. Tujon i store dosar kan ha abortframkallende verknad, men kan òg gje alvorlege krampar og dødelege forgiftninger. Reinfann kan vera særleg kritisk brukt av gravide og epileptikarar.

Utvortes

Reinfann har insektdrepande og desinfiserande eigenskapar, og tørka blad vart lagde mellom klede, i sengehalm og i halmen til dyra for å halda lopper og annet utøy unna. Eit dryss med hakka reinfannblomster og -blad skulle kunna fordriva både maur og mus. Reinfann vart lagd på hyller i spiskammerset og hengd over dører og vindaugo. Gnidd på kjøt heldt reinfann flugene borte. Reinfann vart òg planta nær frukttre for å skremma bort skadeinsekt, men bladlusa let seg iallfall ikkje skrema av reinfann. Elles var det vanleg å gni inn pelsen på hund eller katt med reinfann for å hindra luseplage.

Reinfann har vore brukt til å drepa skabb, lus og lopper, også på menneske, men òg når preparat av reinfann berre blir brukte utvortes, kan ein bli forgifta. I eldre tid vart reinfann brukt i samband med balsamering og gjerne lagd i kista i tilfelle det drygde før gravferda vart avvikla

Avskrekkande effekt på møll og fluger. NB! Do-bukettar.

Den sterke lukta gjorde at reinfann òg vart brukt innan magien. Han verna både mor og barn mot dei underjordiske ved barnefødslar, hindra lynnedslag og verka generelt mot "forhekselse".

Reinfann har i vår tid fått att sin gamle plass som fargeplante. Rota gjev ein kraftig, lysekte, grøn farge (etter beising av garnet). Blada gjev gulgrøn og blomstene ein gul til nesten oransje farge.

Litteratur

  • Atha, Antony: Prismas stora örtabok, Stockholm, Bokförlaget Prisma, 2002. ISBN 91-518-3966-0
  • Chevallier, Andrew: Damms store bok om medisinske urter, Oslo, N.W.Damm & Søn, 2003. ISBN 82-496-01-58-0
  • Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
  • Grieve, mrs. M.: A Modern Herbal, Merchant Books Co. Ltd. 1931, rev. ed. 1973. ISBN 1-904779-01-8
  • Hjelmstad, Rolv: A Modern Herbal, Oslo, Gyldendal Norsk Forlag AS, 2012. ISBN 978-82-05-41914-8
  • Høeg, Ove Arbo: Medisinplanter i Norge, Universitetsforlaget AS, 1985. ISBN 82-00-06321-6
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Ljungqvist, Kerstin: Nyttans växter, Dals Rostock, Calluna Förlag, 2006. ISBN 91-631-7128-7
  • Nielsen, Harald: Lægeplanter og trolddomsurter, København, Politikens Forlag, 1976. ISBN 87-567-2665-1
  • Olesen, Anemette: Hildegards urtebok, Ryomgård, Forlaget Skarresøhus, 2010. ISBN 978-87-91502-32-3
  • Pahlow, M: Das grosse Buch der Heilpflanzen, Augsburg, Bechtermünz Verlag, 2001. ISBN 3-8289-1839-5
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5
  • Åsen, Per Arvid: Norske klosterplanter, Kristiansand, Portal forlag AS, 2015. ISBN 978-82-8314-037-8