Symphytum officinale

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Symphytum officinale

Symphytum officinale


  1. norsk: valurt, pork, purk.
  2. dansk: læge-kulsukker, kulsukker.
  3. svensk: vallört, äkta vallört, svartrot, benvälla.
  4. islandsk: burstajurt, valurt.
  5. engelsk: comfrey, common comfrey, comfry, knitbone, knitback, ass ear, blackwort, bruisewort, consolida, consound, gum plant, healing herb, slippery root, valluc.
  6. tysk: Beinwell, Beinwurz, Bienenkraut, Gemeiner Beinwell, Grosse Wallwurz, Milchwurz, Schwarzwurz, Soldatenwurz, Wallwurz, Wilder Comfrey, Wilder Komfrey, Wundschad.
  7. fransk: consonde officinale, grande consoude.


  • Boraginaceae, rubladfamilien, fleirårig.
  • Brukte plantedeler: rot, blad, heil plante.
  • Bruk: prydplante / medisinplante.
  • Valurt er i Urtelista frå Statens legemiddelverk klassifisert som reseptpliktig legemiddel, og har såleis omsetningsrestriksjonar.


Eigenskapar og bruk etter tradisjonen

Valurt er sårheilande, cellevekstfremjande, lindrande og heilende på hudplager, betennelseshemmande, mjukgjerende, astringerande (sammentrekkjande), blodstillande, urindrivande, slimløysande, smørjande og lindrande på slimhinner, nærande og styrkjande.

Utvortes

Eit grautomslag eller ein salve med valurt vart brukt ved seneskjedebetennelse, leddsmerter, urinsyregikt og andre giktsmerter, leddbetennelsar, beinbrot, blåmerke, åreknutar, årebetennelsar, liktorner, hemoroider, såre brystvorter, leggsår, forstuingar, vrikkingar, knekte tær, rynker, muskelsmerter og brannsår. Avkok av rot, eller uttrekk av blad, er brukt som augebadevatn for såre, betente auge, og som hudvatn ved hudproblem som psoriasis, eksem og kviser.

Medisinhistorie

Heilt sidan oldtida har valurt vore sett på som et godt gromiddel ved store sår og beinbrot. Valurten var godt kjend mellom dei legekunnige i oldtida, og både Plinius og Dioskorides fortel at om eit kjøtstykke vert delt i to og kokast med valurt, vil bitane gro saman att. Frå 1400-tallet vert valurt i Norden omtalt som eit veleigna middel til å lækja beinbrot og sår, i tillegg til å vera eit middel mot både indre og ytre sårskader og blødningar.

Carl von Linné nemner at rota er verksam mot blodspytt, beinskader, sårskader og som eit astringerende middel. Han ordinerte valurt ved blod i urinen, blodig opphost og blodig diaré.

Hildegard av Bingen brukte valurt på utvortes skader, men også innvortes mot mellomgolvsbrokk ved å ordinere vin med biter av valurtrot.

Åtvaring

Valurt er ei av dei medisinplantene som ikkje lenger er tilrådd brukt innvortes. Dette skuldast giftige innhaldsstoff med til dels svært ugunstige biverknader. Brukt på huda i form av krem og salve, reknast ikkje valurt for å vera giftig. Men også utvortes bruk av valurt bør avgrensast, og preparat med valurt bør ikkje brukast i opne sår. Valurt bør unngåast heilt under graviditet og amming. Hudkontakt med valurtblad kan medføra kontaktallergi. Om ein ynskjer å hausta valurtblad til eige bruk, må ein vera heilt sikker på at ein plukkar blad frå rett plante. Før valurten kjem i blomst, kan nemlig både revebjølle (Digitalis purpurea) og belladonnaurt (Atropa belladonna) likna på valurt. De to nemnde plantene kan vera dødeleg giftige, så det kan vera fatalt å plukke blad av feil planteart!


Litteratur

  • Chevallier, Andrew: Damms store bok om medisinske urter, Oslo, N.W.Damm & Søn, 2003. ISBN 82-496-01-58-0
  • Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
  • Grieve, mrs. M: A modern herbal 1931, rev. ed. 1973, Merchant Book Company Ltd, Surrey. ISBN 1-904779-01-8
  • Hjelmstad, Rolv: Medisinplanter i Norge, Oslo, Gyldendal, 2012. ISBN 978-82-05-41914-8
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Ljungqvist, Kerstin: Nyttans växter , Dals Rostock, Calluna Förlag, 2006. ISBN 91-631-7128-7
  • Nielsen, Harald: Lægeplanter og trolddomsurter, København, Politikens Forlag, 1976. ISBN 87-567-2665-1
  • Pahlow, M: Das grosse Buch der Heilpflanzen, Augsburg, Bechtermünz Verlag, 2001. ISBN 3-8289-1839-5
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5