Forskjell mellom versjoner av «Rosa gallica «officinalis»»

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Linje 11: Linje 11:
  
 
* Rosaseae, rosefamilien, fleirårig
 
* Rosaseae, rosefamilien, fleirårig
 +
 +
* Gammal klosterplante
  
 
* Brukte plantedeler: blomst, frukt, roseolje.
 
* Brukte plantedeler: blomst, frukt, roseolje.

Revisjonen fra 18. feb. 2019 kl. 09:57

Rosa gallica officinalis.jpg

Rosa gallica «officinalis»


  1. norsk: apotekarrosa, apotekerrosen
  2. dansk: apotekerrosen
  3. svensk: apotekarros
  4. engelsk: apothecary´s rose, Red Rose of Lancaster, French Rose
  5. tysk: Apothekerrose, Essig-Rose, Französische Rose,
  6. fransk: rose des apothicaires, rose de Provins
  • Rosaseae, rosefamilien, fleirårig
  • Gammal klosterplante
  • Brukte plantedeler: blomst, frukt, roseolje.
  • Bruk: pryd, medisinplante, luktplante, magi
  • Rosearter er i legemiddelverkets urteliste klassifiserte som handelsvare.

Eigenskapar etter tradisjonen

Apotekarrose er den opphavlege medisinske rosa og er ein gammal sort av provinsrosa (Rosa gallica). Den astringerande verknnaden til kronblad av roser kjem av det høge innhaldet av garvestoff, noko som gjer roseblomster eigna til å stanse både blødningar og vaginal utflod. Dei har òg ein effekt på fordøyingssystemet ved at dei reduserar overskot av syre og hyperaktivitet i magen, i tillegg til å dempa kramper knytte til kraftig diaré, dysenteri og tarmbetennelsar. Men rosenkronblad har også vore brukte som avføringsmiddel, i tillegg til å styrka lever og auka produksjonen av galle. Rosa kan stimulera og reinsa lever og galleblære, og til å lindra problem knytte til dårlig leverfunksjon, f.eks. hovudverk og hard mage. Både kronblad og nyper skal kunna verka styrkande på nervesystemet og gje nye krefter, og dermed kunna lindra plager som søvnløyse, depresjon, trøyttleik og irritabilitet. Rosekronblad har òg virushemmande eigenskapar, og kan gjerne kombinerast med andre urter for behandling av virusinfeksjonar. Rosekronblad kan redusera livmorkrampar i samband med menstruasjon, og forsterkar annan behandling som gjeld å betra fertilitet og auka lågt libido. Dei kjølande og balanserande kvalitetane til rosa er til særleg nytte under menopausen. Roser vert rekna som kvinnelige blomster, og vert mykje nytta i parfymer, såper og afrodisiaka.

Nyper støttar kroppens immunsystem og er tilrådd mot alle infeksjonssjukdomar, særleg hos barn. Nypene er òg urindrivande og hjelper til med å få skilt ut avfallsstoff gjennom urinen, i tillegg til å kjøla ned kroppen og dermed senka feber og redusera varmereaksjonar i huda i form av utslett og betennelsar. Denne tresidige verknaden, støtte til immunsystemet, hjelp til utskiljing (blodreinsande) og å være avkjølende, gjer at roser er eit framifrå middel til å lindre forkjølelses- og influensasymptom, sår hals, rennande nase, tette luftvegar, væskesamling i vevet (ødem), urinsyregikt og slitasjegikt (artritt), og i andre tilfelle der det er nødvendig med eit middel som er mildt urindrivande og blodreinsande. Urtete laga på nypefrø er eit tradisjonelt urindrivande middel som er vorte brukt til behandling av ulike plager knytte til urinvegane, men denne teen bør silast godt for å fjerna dei irriterende håra som frøa er utstyrte med.

I oldtida vart roseolje framstilt ved å legga rosekronblad i olivenolje. Rosa sine luktstoff vart tekne opp av oljen og når denne prosessen vart utført flere gonger med nye kronblad, fikk ein olje som lukta av rose. Etter at ein fann ut av å utvinna eterisk olje med destillasjon, vart denne nye metoden brukt til framstilling av roseolje. Kronblada inneheld lite olje, og for å utvinna 1 kg roseolje trengst det heile 5000 kg rosekronblad, så ekte roseolje er logisk nok svært kostbar. Roseolje blir ofte forfalska, og i våre dager kan roseolje også framstillast syntetisk. Ekte roseolje er eit spennande produkt som er svært populært i aromaterapien. Den har ein mildt roande, antidepressiv og betennelseshemmande verknad. Rosevatn framstillast ved at ein destillerar rosekronblad med vatn, og rosevatn er eit verdifullt biprodukt ved destillasjon av roseolje. Det er ei fargelaus væske med behageleg roseange som brukast i både toalettartikler og legemiddel. Brukt som hudlotion er rosevatn kjent for å gjera huda klår og rein.

Utvortes

Utvortes kan ein urtete av rosekronblad brukast til vask av sår og betente hudområde, og til munnskylling ved betennelse i munnhole og svelg. Innhaldet av garvestoff gjer kronblada mildt astringerende, og uttrekk kan brukast som gurglevatn mot sår hals og på munnsår. Urtete av rosekronblad kan ein enkelt laga med 2 dl kokende vann over 1 teskje kronblad som får trekkja under lok i 10 minutt før siling.

Litteratur

  • Atha, Antony: Prismas stora örtabok, Stockholm, Bokförlaget Prisma, 2002. ISBN 91-518-3966-0
  • Biggs, McVicar & Flowerdew: The complete book of vegetables, herbs & fruit, London, Kyle Cathie Ltd. 2004. ISBN 1-85626-571-4
  • Chevallier, Andrew: Damms store bok om medisinske urter, Oslo, N.W.Damm & Søn, 2003. ISBN 82-496-01-58-0
  • Christophersen, Ansof Wyller: I Ansofs urtehage, Oslo, Gyldendal Norsk Forlag AS, 1988. ISBN 82-05-17660-4
  • Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
  • Grieve, mrs.M.: A Modern Herbal, Surrey, Merchant Book Co. Ltd. 1931, rev. ed. 1973. ISBN 1-904779-01-8
  • Høiland, Klaus: Naturens legenede planter, Oslo, A/S Hjemmet, 1978. ISBN 82-7001-535-0
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Lunden, Jens: Medisinske urter - Naturens legende planter, Oslo, Teknologisk Forlag A/S, 1982. ISBN 82-512-0213-2
  • McVicar, Jekka: Damms store bok om urter, N.W.Damm & Søn A/S, 2003. ISBN 82-04-09266-0
  • McVicar, Jekka: Den store boken om urter for kropp og sjel, Oslo, Hilt & Hansteen As, 2002. ISBN 82-7413-350-1
  • Nielsen, Harald: Lægeplanter og trolddomsurter, København, Politikens Forlag, 1976. ISBN 87-567-2665-1
  • Olesen, Anemette: Danske Klosterurter, Aschehoug Dansk Forlag A/S, 2001. ISBN 87-11-16243-0
  • Olesen, Anemette: Lægeplanter fortæller historie, Forlaget Kongsvang, 1997. ISBN 87-984854-8-2
  • Pahlow, M: Das grosse Buch der Heilpflanzen, Augsburg, Bechtermünz Verlag, 2001. ISBN 3-8289-1839-5
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5

Eksterne lenkjer



Artikkel er under arbeid!