Nicotiana tabacum

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Nicotiana tabacum

Nicotiana tabacum

  1. norsk: virginiatobakk
  2. dansk: almindelig tobak, virginia-tobak
  3. svensk: virginiatobak
  4. islandsk: tóbaksjurtir
  5. engelsk: Virginia-tobacco, commercial tobacco
  6. tysk: Virginischer Tabak
  7. fransk: le tabac, le tabac cultivé, le grand tabac, l`herbe à Nicot.


  • Solanaceae, søtvierfamilien, dyrka som eitt-årig plante, men kan overvintra frostfritt.
  • Brukte plantedeler: blad, heil plante.
  • Bruk: nytingsmiddel, prydplante, medisinplante, insektmiddel.
  • Tobakk er ikkje med i Legemiddelverkets urteliste.
  • Skal ha vore brukt i lepra-medisinsk behandling.


Eigenskapar etter tradisjonen

Ikkje rart at tobakksplanten var mellom dei første Colombus merka seg i den nye verda. Han observerte at planten var brukt på svært variert vis av dei innfødde: som tannpasta(saman med knust krit), som middel mot slangebit, til røyking av fredspipe og som hjelpemiddel for å oppnå kontakt med høgare makter, og sjølvsagt som nytingsmiddel, berre for å nemna litt.

Tobakk vart importert til den gamle verda frå den nye for sin medisinske verknad. Den franske ambassadøren i Portugal, Jean Nicot, var den første europearen som leia seriøse, medisinske eksperiment med planten, og han vart seinare ærefullt oppkalla.

I dag vil vel dei fleste heller knyta tobakksplanten til sjukdom og død enn til medisinsk verknad. Tobakksplanten skal likevel ha diverse medisinske verknader: Mildt smertestillande, muskelavslappande, antirevmatisk, mageregulerande, urin- og sveittedrivande og oppkastframkallande. Tobakkste vart brukt mot feber, ødem, hemorroider og podagra. Var brygget for sterkt, kunne ein bli skikkeleg sjuk, men vart oftast redda av oppkast.

I ”Om Spedalskhed” frå 1847 nemner Danielssen og Boeck Nicotianæ mellom ”resolverende og bittre Extracter”.

Utvortes

Piperøyk vart brukt i øyro mot øyreverk, piperøykklyster i endetarmen ved obstipasjon eller innvollsparasittar. Tobakksblad vart rulla saman til tampongar eller stikkpillar og forsøksvis brukte ved plager i øyre, nase og endetarm. Knuste og eller kokte tobakksblad vart brukte som grautomslag på utvendige sår og skader, byllar, brannsår og bit av dyr og insekt. Tørka og finknust tobakk var eit effektivt middel mot utvendige parsittar som lus og lopper. Tobakkspulveret kunne blandast med svinefeitt for å få ein salve til same bruk. Tobakkssalven kunne òg bli brukt ved sterk forkjøling eller gikt. Det vart framstilt tobakksolje på same vis som ein laga rosenolje. Tobakksoljen var halusinogen og svært giftig, men berre ein drope skulle til i tannholet for å lindra den verste tannverk. Sjølv hugsar eg frå min oppvekst i Ytre Sogn på 1950-talet at pipeolje vart brukt på same måten av morfar, fødd i 1873.


NB! TOBAKKSPLANTEN ER GIFTIG OG EIGNAR SEG ABSOLUTT IKKJE TIL SJØLVMEDISINERING!
NIKOTININNHALDET I BERRE NOKRE FÅ SIGARETTSNEIPAR ER GIFTIG NOK TIL Å TA LIVET AV EIT VAKSE MENNESKE!

Litteratur

  • Chevallier, Andrew: Damms store bok om medisinske urter, Oslo, N.W.Damm & Søn, 2003. ISBN 82-496-01-58-0
  • Grieve, mrs. M: A modern herbal 1931, rev. ed. 1973, Merchant Book Company Ltd, Surrey. ISBN 1-904779-01-8
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Ljungqvist, Kerstin: Nyttans växter , Dals Rostock, Calluna Förlag, 2006. ISBN 91-631-7128-7
  • Nielsen, Harald: Lægeplanter og trolddomsurter, København, Politikens Forlag, 1976. ISBN 87-567-2665-1
  • Pahlow, M: Das grosse Buch der Heilpflanzen, Augsburg, Bechtermünz Verlag, 2001. ISBN 3-8289-1839-5
  • Sejersted & Strømme Svendsen: Blader av tobakkens historie, Oslo, Gyldendal Norsk Forlag A/S, 1978. ISBN 82-05-11016-6