Mentha spicata

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Mentha spicata

Mentha spicata

Mentha spicata var. crispa, krusemynte, er ein variant av grønmynte med liknande medisinske egenskapar.

  1. norsk: Mentha spicata = grønmynte, grønnmynte, engelsk mynte, spearmint.
  2. norsk: Mentha spicata var. crispa = krusemynte
  3. dansk: grønmynte = grøn mynte. Krusemynte = krusemynte
  4. svensk: grønmynte = grönmynta, spetsmynta, spirmynta. Krusemynte = krusmynt
  5. engelsk: grønmynte = spearmint, garden mint, lamb mint, fish mint, mackerel mint, german spearmint, green mint, silver mint, spire mint, sage of Bethlehem, our Lady's mint. Krusemynte = curly mint, curled mint, curled spearmint, balm mint, crispate mint, crispleaf mint.
  6. tysk: grønmynte = Grüne Minze, Wilde Pfefferminze, Ähren-Minze, Bocksbalsam, Katzenkraut, Grüne Rossminze, Spearmint. Krusemynte = Krauseminze, Krausemünze.
  7. fransk: grønmynte = baume vert, menthe verte, menthe romaine, menthe en grappe. Krusemynte = Menthe crépue.
  • Lamiaceae, leppeblomstfamilien, fleirårig, dannar ofte hybridar med andre myntearter.
  • Brukte plantedeler: Heil plante, berre blad eller den eteriske oljen som utvinnast ved dampdestillasjon av blad og blomsterstandar.
  • Bruk: smakskorrigens i tannkrem og munnvatn, medisin, te, mat, krydder, som strøurt mot insekt, mus og rotter.
  • Myntearter er klassifiserte som ikkje legemiddel i legemiddelverkets urteliste og kan omsetjast fritt.
  • I urtehagen er myntene plasserte i tønner for å hindra ukontrollert spreiing.
  • Skal ha vore brukt i lepra-medisinsk behandling.


Eigenskapar etter tradisjonen

Grønmynte eller krusemynte er aromatisk, fordøyelsesfremjande, stimulerande, magestyrkjande, kvalmedempande, tarmgassdempande, krampeløysende, urindrivande og svakt menstruasjonsfremjande. Den eteriske oljen verker bl.a. avkjølande, oppfriskande, bedøvande, appetittvekkjande, stimulerande, antibiotisk og slimhinnesamantrekkjande.

Utvortes

Om ein har sprukken hud på hendene, kan ein vaske dei med eit sterkt avkok av grønmynte- eller krusemynteblad. Å tygga på friske mynteblad er et fint middel mot dårleg ande, samtidig som det kan gjera tennene kvitare og lindra munnsår. Ein kan gni friske blad av grønmynte eller krusemynte på insektstikk for å dempa smerten.

Grønmynte og krusemynte er meir eigna enn peparmynte til bruk i mat. Blada kan etast, rå eller kokte, og med sin sterke myntesmak kan dei brukast til å setja smak på salatar og kokte matrettar. Blada vert ofte brukte i sauser, og i England er myntesaus eller myntegelé rekna som fast fylgje til matretter med lam. Urtete kan lagas av friske eller tørka blad. Den har ein forfriskende smak, og gjev ei rein kjensle av i munnen og hals.

På grunn av god smak og antiseptisk verknad, brukast grønmynte- eller krusemynteolje svært ofte i munnvatn og tannkremar. I såper brukast han gjerne sammen med andre eteriske oljar. Oljen vert mykje nytta som smaksstoff i tyggegummi, snop, dessertar, bakverk og drikkar, og kan også vera smakstilsetjing i tobakk og snus.

Eit gamalt råd mot svermande bier er å gni inn bikuba med grønmynte ellet krusemynte.


Litteratur

  • Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
  • Grieve, mrs. M: A modern herbal 1931, rev. ed. 1973, Merchant Book Company Ltd, Surrey. ISBN 1-904779-01-8
  • Hjelmstad, Rolv: Medisinplanter i Norge, Oslo, Gyldendal, 2012. ISBN 978-82-05-41914-8
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Ljungqvist, Kerstin: Nyttans växter , Dals Rostock, Calluna Förlag, 2006. ISBN 91-631-7128-7
  • Atha, Antony: Prismas stora Örtabok, Stockholm, Bokförlaget Prisma, 2002. ISBN 91-518-3966-0
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5