Levisticum officinale

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Köhler 157.jpg

Levisticum officinale

  1. norsk: løpstikke, lauvstikke, kjærleiksurt, kjærlighetsurt, maggiurt, løbestikke, løpstekk, lubbestikke, lubbestokk, lubbenstølk, frikasséurt
  2. dansk: løvstikke, maggiurt.
  3. svensk: libbsticka, libsticka.
  4. islandsk: skessujurt.
  5. engelsk: lovage, garden lovage.
  6. tysk: Liebstöckel, Echtes Liebstökl, Berg-Liebstöckel, Liebstock, Gebärmutterwurzel, Badekraut, Maggikraut, Maggi-Pfeffer, Stockkraut
  7. fransk: livèche, livèche officinale, herbe-à-Maggi.


  • Apiaceae, skjermplantefamilien, fleirårig.
  • Gammal klosterplante.
  • Brukte plantedeler: blad, rot, frø, heil plante.
  • Bruk: krydder / matplante / medisinplante /afrodisiakum.
  • Løpstikke er i Urtelista frå Statens legemiddelverk klassifisert som ikkje legemiddel, og kan dermed omsetjast fritt.
  • Løpstikka veks ved bærtrea i rosebedet i urtehagen.


Eigenskapar etter tradisjonen

Løpstikke har med sin skarpe, bitter-søte smak vore eit mykje brukt krydder. Planten har vore brukt som eit varmande, roande og styrkjande middel, gunstig for prosessane i mage/tarm og lunger. Løpstikke verker appetittvekkjande og stimulerer matmeltinga, er galledrivande, dempar tarmgassproduksjonen, er oppkvikkande, generelt styrkjande, urin-, sveitte- og menstruasjonsdrivande, krampeløysende, svakt slimløysende, hostestillande, antirevmatisk, hjartestyrkjande, lukthemmande, antiseptisk, mikrobehemmande og stimulerer prosessane med å fjerna avfallsstoff frå kroppen.

Løpstikke har vore rekna som eit afrodisiakum (kjærleikssmiddel) for både menneske og husdyr.

Utvortes

Løpstikke har lukthemmande og antiseptisk verknad på huda. Av den grunn la tidlegare tiders vegfarande løpstikkeblad i fottøyet for å friska opp trøytte, såre og illeluktande føter. På 1500-tallet tilrådde John Gerard ansiktsvask med løpstikke-te. Dette skulle fjerna fregner og dempa raudmussing, påstod han. Også i Norge har vi gamle råd om å vaska ansiktet i løpstikkeuttrekk for å bli vakrare. Dette byggjer truleg på at urten opnar hudporane og verker varmande, slik at avfallsstoff lettare vert skilde ut. Derfor er løpstikke også vorten brukt til behandling av enklare hudsjukdomar. Brukt i badevatnet har løpstikke gunstig verknad på blodsirkulasjonen, samtidig som den virker svakt stimulerende på organismen. Urten har dessutan vore brukt til å dempe sterk sveitting, og i fotbad mot soppsjukdomar. Tidlegare var det også vanleg å bruka løpstikke i grautomslag på sår og verk, og ved gikt og vatn i kneet.

Medisinhistorie

Løpstikke vart brukt av dei gamle grekarane, som togg frøa for å få betre fordøying og mindre luft i magen. Romarane brukte frøa mot dei same plagene, og førde kunnskapen vidare til benediktinarmunkane. Den danske legen og medisinske forfattaren Henrik Harpestreng (som døydde i 1244) skreiv at løpstikke dempar tarmgassproduksjonen og hindrar mageknip, og tilrår vidare å bruka fruktene (frøa) i eddik mot hoste. Ein urtete av løpstikke er også tilrådd brukt som gurglevatn ved sår i munnen og sår hals. Det vart elles sagt at om ein har vondt i halsen, kan det det vera gunstig å suga varm mjølk gjennom ein innhòl løpstikkestengel.


Litteratur

  • Chevallier, Andrew: Damms store bok om medisinske urter, Oslo, N.W.Damm & Søn, 2003. ISBN 82-496-01-58-0
  • Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
  • Grieve, mrs. M: A modern herbal 1931, rev. ed. 1973, Merchant Book Company Ltd, Surrey. ISBN 1-904779-01-8
  • Hjelmstad, Rolv: Medisinplanter i Norge, Oslo, Gyldendal, 2012. ISBN 978-82-05-41914-8
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Ljungqvist, Kerstin: Nyttans växter , Dals Rostock, Calluna Förlag, 2006. ISBN 91-631-7128-7
  • Nielsen, Harald: Lægeplanter og trolddomsurter, København, Politikens Forlag, 1976. ISBN 87-567-2665-1
  • Olesen, Anemette: Henrik Harpestrengs Urter, Ryomgård, Skarresøhus Forlag, 2005. ISBN 87-91502-07-1
  • Pahlow, M: Das grosse Buch der Heilpflanzen, Augsburg, Bechtermünz Verlag, 2001. ISBN 3-8289-1839-5
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5