Hedera helix

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Hedera helix

Hedera helix

  1. norsk: bergflette, eføy, vintergrønt
  2. dansk: vedbend, efeu
  3. svensk: murgröna
  4. engelsk: ivy, common ivy, English ivy, European ivy
  5. tysk: Efeu, Gewöhnlicher Efeu
  6. fransk: lierre, lierre grimpant, lierre commune
  • Araliaceae, bergflettefamilien, fleirårig.
  • Gammal klosterplante
  • Brukte plantedeler: unge blad og frukter
  • Bruk: pryd / medisin / magi
  • Er klassifisert som reseptpliktig legemiddel i legemiddelverkets urteliste.
  • Planta veks meir eller mindre forvilla på murar i Lepramuseets urtehage.
  • Skal ha vore brukt i lepra-medisinsk behandling.

Eigenskapar etter tradisjonen

Blada har ein bitter, aromatisk og lett kvalmende smak. Eit uttrekk skal verka slimløysende, krampeløysende, hoste og katarrdempande, mildt roande, antiseptisk, antibakterielt, sopphemmande, antirevmatisk og astringerande, og det får blodårane til å trekkja seg saman. Det skal òg verka sveittedrivende, menstruasjonsfremjandede, hjartestimularende i små dosar, hjartedempande i større dosar og det drep innvollsorm. Fruktene skal verka avførande. I fleire land vert det framleis omsett ferdigprodukt med bergflette/eføy til bruk mot ymse luftvegsplager som generell hoste, kikhoste, bronkitt, astma, emfysem og KOLS, men slimløysande effekt er vanskeleg å dokumentera.


Bør ikkje brukast til sjølvmedisinering!

Utvortes

Blad av bergflette kan brukast utvortes som omslag ved enkelte hudproblem som sakteheilende sår, forbrenningar, vorter, hudutslett, cellulittar og soppinfeksjonar, men òg ved revmatiske smerter, nevralgiar og tannverk. Slike omslag kan diverre irritera huda og medføra utslett. Den friske safta frå eføyblad kan mjukgjera hard hud på føtene, som liktorner og liknnde. Bergfletteekstrakt brukast ein del i kosmetiske preparat til behandling av cellulittar, men det finst få kliniske studier som kan stadfesta verknad. I enkelte europeiske land er preparat med bergflette tilgjengelig i form av hudprodukt, kosmetikk, sjampo og anticellulitt-kremar.

Folkelege tradisjonar knytte til bergflette/eføy

Sjølv om bergflette/eføy tidlegere var respektert som ei magisk plante som kunne verna mot onde ånder og var eit symbol på truskap, har arten aldri vore sett på som noko stor og viktig medisinplante. I antikkens Hellas var planta tileigna vinguden Bacchus. Eit uttrekk av bergfletteblad i vin vart nemleg brukt både førebyggande og til behandling av drukkenskap. Til vern mot drukkenskap kunne ein òg setja ein krans av eføy på hovudet før ein gjekk til eit drikkegilde. Bergfletta kan bli mange hundre år gammal, og i tidleg kristen symbolikk stod planta for evig liv. Ved gravferder vart gjerne liket lagt på eit underlag av bergflette. Planta er òg vorten brukt i avkok mot pest. Ei gammal tru var at bergfletta verka på hjernen og at planta kunne brukast mot depresjonar forårsaka av indre trykk i hjernen.

Litteratur

  • Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
  • Hjelmstad, Rolv: Medisinplanter i Norge, Oslo, Gyldendal Norsk Forlag AS, 2012. ISBN 978-82-05-41914-8
  • Høeg, Ove Arbo: Planter og tradisjon, Oslo, Bergen, Tromsø, Universitetsforlaget 1974.

ISBN 82-00-08930-4

  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Ljungquist, Kerstin: Nyttans växter, Dals Rostock, Calluna Förlag, 2006. ISBN 91-631-7128-7
  • Olesen, Anemette: Danske Klosterurter, Aschehoug Dansk Forlag A/S, 2001. ISBN 87-11-16243-0
  • Pahlow, M: Das grosse Buch der Heilpflanzen, Augsburg, Bechtermünz Verlag, 2001. ISBN 3-8289-1839-5
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5