Geum urbanum

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Geum urbanum

Geum urbanum

  1. norsk: kratthumleblom, nellikrot, benediktinarrot
  2. dansk: febernellikerod, nellikerod.
  3. svensk: nejlikrot, vanlig nejlikrot, nejlikkummer.
  4. engelsk: avens, wood avens, city avens, European avens, herb bennet, way bennet, Bennet's root, clove root, colewort, goldy star, wild rye.
  5. tysk: Stadtnelkenwurz, Echte Nelkenwurz, Weinwurzel, Märzwurzel, Nagelchrut.
  6. fransk: Benoîte / Benoîte commune.
  • Rosaceae, rosefamilien, fleirårig
  • Brukte plantedeler: rot, heil plante
  • Bruk: medisin, krydder, vern mot alle vonde makter
  • Kratthumleblom er i Legemiddelverkets urteliste klassifisert som ikkje legemiddel og kan omsetjast fritt.
  • Planta veks vilt i Lepramuseets urtehage

Eigenskapar etter tradisjonen

Kratthumleblom er bitter, aromatisk, appetittvekkjande, stimulerar matmeltinga, er sammentrekkjande, stoppande, antiseptisk, blodstillande, betennelseshemmande, sveittedrivande, febersenkende, bedøvande og roande.

Uttrekk av kratthumleblom har vore brukt innvortes som generelt styrkemiddel, ved appetittmangel og problem frå mage og tarm som kvalme, oppkast, kolikk, ved for mykje tarmgass, diaré, dysenteri, magesår, ved indre blødningar, leverplager og betennelsar i fordøyingssystemet ved ulcerøs kolitt. Vidare har uttrekket vore nytta ved generell hoste og kronisk bronkitt, ved livmorblødningar og vaginal utflod, ved altfor vekslande kroppstemperatur og ved nervøs utmatting. På grunn av innhaldet av bitterstoff, hadde kratthumleblom tidleg ry som medisinplante. På 1100-tallet gav Hildegard av Bingen(1098-1179) planta tilnamnet benedicta, som tyder "den velsigna". I Tyskland hadde rota av kratthumleblom eit ry for si store kraft og evne til å "jaga bort djevelen, opphavet til alle sykdommer". Av den grunn var det mange som bar vernande amulettar av denne rota på kroppen, eller hadde rota hengande i heimen. Henrik Harpestreng (død i 1244) skriv: Hvis man angribes af Feber, da skal man tage den godt vaskede Rod og spise den fastende og fremsige 3 Pater Noster og 3 Ave Maria og straks bliver man rask.

Utvortes

Utvortes har uttrekk av kratthumleblom vore brukt i samband med ymse hudsjukdomar, på sår, hemoroider, ved tannverk, ved betennelsar i munn, tannkjøt og hals, og ved illeluktande pust. Arvidh Manson skriv i Urteboka frå 1628: Om man væter en klut uti og legger på eksem så hjelper dette. Den astringerende verknaden forklarer òg bruken som gurglemiddel eller munnvatn ved infeksjonar i svelg og hals og ved sår og blødningar i munnhola. Som skyllevatn kan urteuttrekket vidare ha verdi ved utflod frå skjeden og i form av lotion eller salve som lindrande middel ved hemoroider.

Med lukt av nellik

Rota av kratthumleblom som helst skulle sankast inn på St. Benedikts minnedag, 21.mars, luktar og smakar som kryddernellik og har vore brukt som erstatning for dette krydderet. Denne rota vart brukt til å setja smak på øl og vin, legg merke til det tyske namnet Weinwurzel. Den desinfiserande effekten av rota hindra i tillegg at ølet vart surt. Nellikklukta kjem av eugenol, eit sterktluktande stoff som òg finst i den ekte kryddernelliken. Eugenol verkar i moderate mengder bakteriedrepande, roande og mildt bedøvende. I større dosar kan det irritera slimhinnene og føra til at ein blir svimmel. Eugenolinnhaldet i kratthumleblom er så lite at det ikkje medfører slike symptom.

Mange knyter lukta av nellik og nellikspikar til jula og juletradisjonar, men òg til lukta av tannlegekontor. Nettopp eugenol er det tannlegane brukar når dei skal laga provisoriske fyllingar. Eugenol har både bedøvende og antibakteriell verknad og brukast ofte som smertestillende ved rotfylling. Så, «tannlegelukt» og lukt av jul kan ha same årsak. Lukta av nellik frå rota av kratthumleblom viser seg i namnet nellikrot, som vert brukt i Sverige, Danmark og Tyskland, og som i eldre tider var eit namn som også vart brukt her i landet. I eldre tider vart tørka kratthumleblom seld på apoteka under namnet Rhizoma caryophyllata (= rotstokk med nelliklukt). Tørka rot kan brukast som møllmiddel og gjev samtidig god lukt til tøyet.

Litteratur

  • Atha, Antony: Prismas stora örtabok, Stockholm, Bokförlaget Prisma, 2002. ISBN 91-518-3966-0
  • Chevallier, Andrew: Damms store bok om medisinske urter, Oslo, N.W.Damm & Søn, 2003. ISBN 82-496-01-58-0
  • Das grosse Buch der Hildegard von Bingen, Köln, Naumann & Göbel Verlagsgesellschaft mbH. ISBN 978-3-625-11415-4
  • Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
  • Grieve, mrs. M.: A Modern Herbal, Merchant Book Co. Ltd. 1931, rev. ed. 1973. ISBN 1-904779-01-8
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Lunden, Jens: Medisinske urter - Naturens legende planter, Oslo, Teknologisk Forlag A/S, 1982. ISBN 82-512-0213-2
  • Manson, Arvidh, Den herlige urteboken fra 1628, Oslo, Kolibri Forlag, 1998.ISBN 82-90478-90-9
  • Nielsen, Harald: Lægeplanter og trolddomsurter, København, Politikens Forlag, 1976. ISBN 87-567-2665-1
  • Olesen, Anemette: Henrik Harpestrengs Urter, Skarresøhus Forlag, 2005. ISBN 87-91502-07-1
  • Olesen, Anemette: Lægeplanter fortæller historie, Forlaget Kongsvang, 1997. ISBN 87-984854-8-2
  • Pahlow, M: Das grosse Buch der Heilpflanzen, Augsburg, Bechtermünz Verlag, 2001. ISBN 3-8289-1839-5
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5

Eksterne lenkjer