Farmasihistorie i Norge

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk

Farmasihistorie i Norge har en mer enn 500 år lang historie:

  • I 1588 opna den første norske utsalsstaden for medisin i Bergen.
  • I 1595 fekk vi Norges første offisielle apotek, det som seinare fekk namnet Svaneapotheket.
  • Danmark-Norge hadde felles apoteklov. Eit viktig lovfesta prinsipp var at ein måtte ha ”kongebrev” for å driva apotek og at apotekaren skulle eksaminerast ved det medisinske fakultet i København.

I Norge har vi tre freda apotekinteriør:

  • Svaneapoteket i Oslo, bygt i 1896 i nyklassisisme, apotekdrifta avslutta pr. 31. desember 2013.
  • Svaneapoteket i Ålesund, bygt i 1908 i jugendstil, er i dag Jugendstilsenteret i jugendbyen Ålesund.
  • Apoteket Bien , Bergen ,frå 1939 ,eit sjeldant funksjonalismeinteriør, er i dag Bien Bar.

Historie

  • 1588-første salsstad for medisin opna i Bergen av Lambert Gregerssøn Friis.
  • 1595-første apotekprivilegium gitt til Nicolausde Freundt i Bergen (seinare Svaneapotheket).
  • 1628-Kristiania fekkapotek (seinareSvanen).
  • 1672-Norge har 7 apotek.
  • 1814-Norge har 24 apotek.
  • 1843-Lærdalsørens apotek, første på landet.
  • 1850-Norge har 45 apotek.
  • 1912-Norge har 196 apotek.

Statens privilegiesystem

  • Eit system der nokre farmasøytar vart tildelte privilegium til å driva eller oppretta nye apotek.
  • Det vart gitt få nye privilegium, dette førte til stor misnøye mellom unge farmasøytar.
  • Noko av grunnen til at privilegiesystemet stivna var at eit privilegium kunne arvast og at det vart tillate å selja det.
  • Ei apotekarenkje kunne driva apoteket vidare med innleigd farmasøythjelp.
  • Mange unge farmasøytar gifte seg med tilårskomne enkjer for å bli apotekarar.
  • I ny apoteklov av 1850 vart ordninga med at apotek fritt kunne arvast eller seljast oppheva, men berre for nyoppretta apotek.
  • Ledige privilegium skulle heretter lysast ut.

Viktige årstal

  • 1858 - Den Pharmaceutiske Forening stifta, i dag Norges Farmaceutiske Forening, landets eldste fagforeining.
  • 1874 - Nyegaard & Co A/S (Nyco) grunnlagt. Nycomed frå 1986.
  • 1881 - Norges Apotekerforening stifta.
  • 1903 - A/S Apotekernes Laboratorium for Specialpræparater (A.L.) grunnlagt.
  • 1912 – Apotekkontoret oppretta, fekk ansvar for den faglege administrasjonen av apoteka.
  • 1916 - Brennevinsforbodet innført, vart oppheva etter folkerøysting i 1927.
  • 1918 - A/S Farmaceutisk Indistri (AFI) grunnlagt. Fusjonert med Nycomed 1985.
  • 1932 - Farmasøytisk institutt, Blindern, Oslo, tatt i bruk.
  • 1933 - Collett & Co grunnlagt, kjøpt av Nycomed på 90-talet.
  • 1949 - Weiders Farmasøytiske A/S (Weifa) grunnlagt.
  • 1953 - Norsk Medisinaldepot (NMD) oppretta.
  • 1970 - NAF-Laboratoriene a.s. (Hydro Pharma), kjøpt av Nycomed i 90-åra.
  • 1977 - Travenol Laboratorier A/S ( Fresenius Kabi).
  • 1994 - Farmasiutdanning ved universitetet i Tromsø.
  • 1994 - Grossistmonopolet oppheva. NMD fekk to konkurrentar: Holtung og Tamro.
  • 1995 - 400 års jubileum for Svaneapoteket i Bergen og for norsk farmasi.
  • 2001 - Ny apoteklov, dramatisk endring av norsk apotekvesen.
  • 2003 - Farmasiutdanning ved universitetet i Bergen.

Apoteklover

1963 
  • Delte apoteka inn i produksjonsapotek, sjukehusapotek og distribusjonsapotek.
  • Førde til sterkare offentleg styring av apoteka.
  • Stat og kommune fekk auka høve til å driva apotek.
  • Apoteket skulle i sterkare grad vera ein del av helsevesenet.
1. mars 2001
  • Slutt på det gamle bevillingssystemet.
  • Apotek kan opprettast ”kvar som helst” og av ”kven som helst”.
  • Selskap kan eiga apotek.
  • Kjededrift er tillate.
  • Berre apoteket har ein driftskonsesjonær med graden master i farmasi, cand. Pharm. eller tilsvarande kan alle få eigarkonsesjon, bortsett frå legemiddelprodusentar og dei som skriv ut medisin, legar, dyrlegar og tannlegar.