Cytisus laburnum
Cytisus laburnum
- norsk: gullregn.
- dansk: guldregn.
- svensk: gullregn.
- engelsk: golden rain, golden chain, laburnum, common laburnum.
- tysk: Goldregen, Bohnenbaum, Goldrausch, Gelbstrauch.
- fransk: cytise.
- Fabaceae, erteblomstfamilien, fleirårig.
- Brukte plantedeler: frø
- Bruk: prydtre, i eldre tider brukt som "drastikum" til å framkalla kraftig oppkast og diaré.
- Er ikkje tatt med i Legemiddelverkets urteliste, må dermed oppfattast som reseptpliktig legemiddel!
- Den varianten som finst i urtehgen er ein hybrid frå den nyare tid, laburnum x watereri "vossii", som blomstrar rikt, men som heldigvis utviklar svært få frø.
NB! Gullregn er svært giftig! Symptom på gullregnforgiftning er intens trøyttleik, oppkast, koma, frådande munn og ulikt utvida pupillar!
Eigenskapar etter tradisjonen
I tida då teorien om at ubalanse mellom dei fire kroppsvæskene, blod, slim, gul og svart galle, var årsak til all sjukdom, vart gullregn oppfatta som eit nyttig middel til å framkalla kraftig oppkast og diaré. Blad av gullregn vart i folkemedisinen nytta som eit slimløysande middel, frøa prøvde som middel mot vass-samlingar i kroppen og astma.
Det er det giftige alkaloidet cytisin som er årsak til forgiftingane. Cytisin skal ha ein nikotinliknande effekt og i fylgje ein artikkel i Tidsskrift for Den norske legeforening frå 2015, vil det truleg kunna vera eit billig og effektivt hjelpemiddel til å slutta røykja.
NB! Alle deler av gullregn er giftige, særleg frøa. Heldigvis kjem oppkastrefleksen svært raskt, så substansen er ofte ute att av kroppen før gifta rekk å virka.
Litteratur
- Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
- Hensel, Wolfgang: Medicinal plants of Britain and Europe, London, A&C Black, 2008. ISBN 978-1-4081-0154-4
- Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
- Ljungqvist, Kerstin: Nyttans växter, Dals Rostock, Calluna Förlag, 2006. ISBN 91-631-7128-7
Eksterne lenkjer
https://tidsskriftet.no/2015/05/fra-andre-tidsskrifter/gullregn-gir-roykeslutt
Du bør aldri bruka informasjon frå Internett, inkludert Famasihistorie.com, som einaste kjelde til avgjerder eller tiltak i helsemessige spørsmål. Ved legemiddelspørsmål bør du konsultera apotek eller lege, ved helsespørsmål relevant autorisert helsepersonell, og ved dyresjukdom bør du kontakta veterinær. Bruk aldri reseptbelagte legemiddel utan råd frå lege! Søk råd på apoteket ved bruk av reseptfrie legemiddel og naturmiddel, spesielt om du også brukar reseptpliktige medikament. Bruk av fleire legemiddel samtidig kan ha utilsikta effekt.