Viburnum opulus

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Viburnum opulus

Viburnum opulus


  1. norsk: krossved, korsved, beinved, ullraun, ulvebær, trollbær, giftbær, hundeved, hostebær, leved.
  2. dansk: kvalkved, ulfsrøn, ulvsrøn.
  3. svensk: olvon, skogsolvon, ugglerönn, ulvtry.
  4. engelsk: European cranberry bush, cramp bark, guelder rose, wild guelder rose, high cranberry, highbush cranberry, cranberry tree, dog rowan tree, king's crown, May rose, rose elder, silver bells, water elder, Whitsun bosses, Whitsun rose, whitten tree, pempina, pimpina, snowball tree.
  5. tysk: Gemainer Schneeball, Gewöhnlicher Schneeball, Wilder Schneeball.
  6. fransk: boule-de-neige, viorne obier.


  • Adoxaceae, moskusurtfamilien, fleirårig.
  • Brukte plantedeler: Tørka bork, i folkemedisinen også blomar og bær. Bæra går for å vera svakt giftige når dei er rå, men skal kunna etast etter at dei er kokte eller har vore utsette for frost.
  • Bruk: medisin, mat.
  • Viburnum er ikkje tatt med i Legemiddelverkets urteliste og er såleis å oppfatta som legemiddel.


Eigenskapar etter tradisjonen

Krossvedbork skal vera krampeløysande, muskelavslappande, livmorstyrkjande, fødselsførebuande, smertestillande, betennelseshemmande, mildt roande, nervestyrkjande, og astringerande. Droga utvidar perifere blodårar og verker dermed blodtrykkssenkende. Krossvedbork har vore brukt ved krampar, livmorsmerter, falske veer, etterveer, fåre for abort, menstruasjonssmerter, ved for kraftig menstruasjonsblødning, leggkrampar, blærekrampe, muskelspenningar, hard mage, kolikk, irritabel tjukktarm, nervøse spenningar og høgt blodtrykk.

I folkemedisinen har korsvedbær vore nytta som eit middel mot halskatarr, hoste og astma. Te av blomane har vore brukt ved forkjøling og vond hals.


Utvortes

Krossved kan hjelpa til å løysa opp spente musklar og kan brukast utvortes i form av lotion eller hudvatn.

De blanke raude bæra, som eigentlig er steinfrukter, ser lekre ut, men smakar ikke særlig godt før dei har vore utsette nattefrost. Fruktene kan etast, men bør kokast først. I Aust-Europa blir bæra brukte i diverse matoppskrifter.


NB! Krossved og særleg bæra går for å vera svakt giftig, men bæra skal vera trygge å eta etter koking eller frysing.

Litteratur

  • Chevallier, Andrew: Medisinske urter, N.W.DAMM & SØN AS, 2003. ISBN 82-496-0158-0
  • Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
  • Grieve, mrs. M: A Modern Herbal, Merchant Book Co. Ltd. 1931, rev. ed. 1973. ISBN 1-904779-01-8
  • Hjelmstad, Rolv: Medisinplanter i Norge, Gyldendal Norsk Forlag AS, 2012. ISBN 978-82-05-41914-8
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Ljungqvist, Kerstin: Nyttans växter, Calluna Förlag, 2006. ISBN 91-631-7128-7
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5