Veronica officinalis

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Frå venstre: veronica officinalis / veronica latifolia

Veronica officinalis

  1. norsk: legeveronika, lækjeveronika, flismegras, sigrøa, tegras, busleik
  2. dansk: læge-ærenpris
  3. svensk: ärenpris, ärepris
  4. islandsk: hárdepla
  5. engelsk: speedwell, common speedwell, heath speedwell, fluellen, gypsyweed
  6. tysk: Ehrenpreis, Echter Eherenpreis, Wald-Ehrenpreis, Männertreu
  7. fransk: véronique officinale, the d´Europe.


  • Scrophulariaceae, maskeblomstfamilien, fleirårig.
  • Brukte plantedeler: heile planten over jorda
  • Bruk: medisinplante, teplante


Eigenskapar etter tradisjonen

Legeveronika vart i tidlegare tider planta kring husa for å halda dei frie for skrømt, hekser og andre uynskte besøk, kom i bruk som medisinplante først på 1500-talet.

Planten har blodreinsande, styrkjande, stoffskiftestimulerande, samantrekkjande, sårlækjande, slimløysande, sveitte- og urindrivande eigenskapar.

Særleg i Frankrike vart legeveronika mykje brukt som te-erstatning, difor namnet "The d´Europe", europeisk te.

Det lokale norske namnet "tegras" kan tyda på liknande bruk her i landet.

Sidan teen vert temmeleg bitter er det eit godt råd å søta med honning.

Utvortes

Som omslag på atopisk eksem og andre kroniske hudsjukdomar, byllar, betente sår, brennkoppar, betennelsar i munn og svelg og mot fotsveitte. Varme kompressar dynka med uttrekk vart brukte mot revmatiske smerter. Særleg på Vestlandet vart grautomslag lagt på verkesår med utstøyting av bein, såkalla flisme, difor det lokale namnet flismegras.

Litteratur

  • Chevallier, Andrew: Damms store bok om medisinske urter, Oslo, N.W.Damm & Søn, 2003. ISBN 82-496-01-58-0
  • Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
  • Grieve, mrs. M: A modern herbal 1931, rev. ed. 1973, Merchant Book Company Ltd, Surrey. ISBN 1-904779-01-8
  • Hjelmstad, Rolv: Medisinplanter i Norge, Oslo, Gyldendal, 2012. ISBN 978-82-05-41914-8
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Ljungqvist, Kerstin: Nyttans växter , Dals Rostock, Calluna Förlag, 2006. ISBN 91-631-7128-7
  • Nielsen, Harald: Lægeplanter og trolddomsurter, København, Politikens Forlag, 1976. ISBN 87-567-2665-1
  • Pahlow, M: Das grosse Buch der Heilpflanzen, Augsburg, Bechtermünz Verlag, 2001. ISBN 3-8289-1839-5
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5