Veratrum album

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Veratrum album

Veratrum album

  1. norsk: nyserot, kvit nyserot
  2. dansk: hvid foldblad
  3. svensk: vit nysrot
  4. islandsk: hnerrarót, bjarthnöri
  5. engelsk: false helleborine, white hellebore, white veratrum
  6. tysk: Weisser Germer, Weiss-Germer, Nieswurz, Hammerwurz, Lauskraut, Lauswurz
  7. fransk: vératre blanc, hellébore blanc, faux hellébore, varaire, vérine


  • Melanthiaseae, giftliljefamilien, fleirårig.
  • Brukte plantedeler: tørka rot
  • Bruk: prydplante / medisinplante / giftplante.
  • Nyserot er klassifisert som reseptpliktig legemiddel i legemiddelverkets urteliste.



Eigenskapar etter tradisjonen

Namnet kjem av at tørka og pulverisert rotstokk framkallar ei kraftig nysing.

Nyserot er svært giftig og må ikkje brukast terepeutisk!

Nysemiddel, krampeløysade, sveittedrivande, sterkt avførande, kraftig oppkastframkallande, mjukar opp blodårane, senkar blodtrykk, puls og andedrag.

Alt Dioskorides (ca. 20 - 90 e. Kr.) nemner den dempande og i verste fall lammande verknaden på andedraget.

I folkemedisinen brukt ved urinsyregikt, revmatiske plager, nevralgiar, epilepsi, skabb, lus og lopper.


Utvortes

Middel mot skabb, lus og lopper og andre skadeinsekt.

Friske rotstokkar av nyserot vart knuste til ei masse som vart smurd på smertefulle ledd eller område med nevralgiar.

Utvortes bruk på heil hud vart rekna som trygt.

Uttrekk eller tinktur av rota vart tidlegare brukt utvortes til behandling av hudsjukdommar og i veterinærmedisinen som middel mot plagsame parasittar.

Nyserot har tradisjon som dyregift mot rev og kråke


NB! Nyserot er svært giftig og må ikkje brukast terapeutisk!


Litteratur

  • Chevallier, Andrew: Damms store bok om medisinske urter, Oslo, N.W.Damm & Søn, 2003. ISBN 82-496-01-58-0
  • Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
  • Grieve, mrs. M: A modern herbal 1931, rev. ed. 1973, Merchant Book Company Ltd, Surrey. ISBN 1-904779-01-8
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Ljungqvist, Kerstin: Nyttans växter , Dals Rostock, Calluna Förlag, 2006. ISBN 91-631-7128-7
  • Nielsen, Harald: Lægeplanter og trolddomsurter, København, Politikens Forlag, 1976. ISBN 87-567-2665-1
  • Pahlow, M: Das grosse Buch der Heilpflanzen, Augsburg, Bechtermünz Verlag, 2001. ISBN 3-8289-1839-5
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5




Nynorsk