Urtica dioica

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Urtica dioica

Urtica dioica

  1. norsk: brennesle, brennenesle, brennenòt, brennenota, brennhette, brennekopp, brenngras, netle, nøsle og mange fleire.
  2. dansk: stor nælde, brænde nælde, hede-nælde, tvebo nælde.
  3. svensk: brännässla, nässla.
  4. islandsk: brenninetla, sérbýlisnetla.
  5. engelsk: nettle, stinging nettle, common nettle, great stinging nettle, European nettle.
  6. tysk: Grosse Brennessel, Brennessel.
  7. fransk: grande ortie, ortie brulante, ortie dioïque.


  • Urticaceae, neslefamilien, fleirårig.
  • Brukte plantedeler: blad, rot og heil plante.
  • Bruk: grønsak / medisinplante / tekstilplante ( fibrar i stilk).
  • Stornesle er i Urtelista frå Statens legemiddelverk klassifisert som ikkje legemiddel, og kan omsetjast fritt.


Eigenskapar etter tradisjonen

Brennesle er generelt styrkjande, dempar vekst av prostatakjertelen, stimulerer utviklinga av raude blodceller, aukar blodstraumen til huda, astringerande (sammentrekkjande), blodstillande, sårheilande, smertestillande, betennelseshemmande, immunstyrkjande, utreinsande, avgiftande, urindrivande, fjernar overskot av vatn i kroppen, reinsar nyrene, er galle- og mjølkedrivande, blodsukkersenkande, blodreinsande, antirevmatisk, antiallergisk, stimulerer hårvekst og hindrar skjørbuk.

Utvortes

Brukast utvortes ved urein hud, kløande hudplager, utslett, kviser, byllar, hemoroider, sår, forbrenningar, insektbit, flass, kløe i hårbotnen, håravfall og naseblod, vidare ved infeksjonar i munnen, trøske, tannkjøtbetennelse og halsbetennelse (urtete til gurgling), og ved revmatiske leddsmerter (ved å piske huda med frisk nesle).

Brukt som mat

Tidlig om våren, når nesleskòta er vortne kring 15 cm, er brennesle ei verdifull matplante som dei fleste likar smaken av. I denne årstida inneheld nesle opp til tre gonger så mye protein som kål. Blada kan kokast som spinat, og dei inneheld meir næring og mindre oksalsyre enn spinaten. På grunn av det høge innhaldet av vitamin C, var brennesle i eldre tider til god hjelp mot skjørbuk om våren. Etter midtsommar minkar C-vitamininnhaldet raskt i brenneslen. Hele planta er rik på klorofyll og mineral, særlig jern, fosfor, magnesium, mangan, sink og silisium, i tillegg til mange sporstoff. Brenneslen er enkel å bruka som tørka urt. Då knuser du tørka blad til pulver og brukar 1-2 matskeier av dette dagleg i maten, til dømes i graut eller supe. Blada kan òg brukast som ein styrkjande og reinsande urtete, drikk gjerne et par koppar dagleg.

Litteratur

  • Chevallier, Andrew: Damms store bok om medisinske urter, Oslo, N.W.Damm & Søn, 2003. ISBN 82-496-01-58-0
  • Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
  • Grieve, mrs. M: A modern herbal 1931, rev. ed. 1973, Merchant Book Company Ltd, Surrey. ISBN 1-904779-01-8
  • Hjelmstad, Rolv: Medisinplanter i Norge, Oslo, Gyldendal, 2012. ISBN 978-82-05-41914-8
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Ljungqvist, Kerstin: Nyttans växter , Dals Rostock, Calluna Förlag, 2006. ISBN 91-631-7128-7
  • Nielsen, Harald: Lægeplanter og trolddomsurter, København, Politikens Forlag, 1976. ISBN 87-567-2665-1
  • Pahlow, M: Das grosse Buch der Heilpflanzen, Augsburg, Bechtermünz Verlag, 2001. ISBN 3-8289-1839-5
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5