Thymus serpyllum

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Thymus serpyllum

Thymus serpyllum

  1. norsk: kryptimian, småtimian
  2. dansk: smalbladet timian, vild timian, Jomfru Marias sengehalm.
  3. islandsk: bloðberg.
  4. svensk: backtimjan.
  5. engelsk: wild thyme, creeping thyme, breckland thyme, mother of thyme, lavender thyme, serphyllum, brotherwort.
  6. tysk: Quendel, Feld-Thymian, Sand-Thymian, Wilder Thymian, Gundelkraut, Gundling, Marienbettstroh, Feldkümmel, Rainkümmel, Wiesenthymian.
  7. fransk: serpolet, thym sauvage.
  • Lamiaceae, leppeblomstfamilien, fleirårig.
  • Brukte plantedeler: blomstrande skot, eventuelt berre blad, eterisk olje.
  • Bruk: medisinplante, krydder, magisk mot vonde makter.
  • Klassifisert som handelsvare i Legemiddelverkets urteliste.
  • I urtehagen har kryptimian dukka opp i ei av tønnene, tilsynelatande ved eiga hjelp.

Eigenskapar etter tradisjonen

Kryptimian er aromatisk, roande, slimløysande, hostedempande, krampeløysande i mage, tarm og luftvegssystemet, antiseptisk, desinfiserande, urindrivande, appetittstimulerande, fordøyingsfremjande, sveittedrivande, nervestyrkjande, sopp- og bakteriehemmande, menstruasjonsfremjande, insektavskrekkende og har vore brukt mot innvollsorm. Kryptimian er etter tradisjonen brukt ved fordøyingsproblem, mage- og tarmkrampar, kolikk, tarmgass, diaré, rundorm, spolorm, vond lukt av pusten, slim i luftvegane, hoste, kikhoste, forkjøling, influensa, bronkitt, astma, urinvegsinfeksjonar, revmatisme, giktsmerter, leddgikt, menstruasjonssmerter, hudinfeksjonar og generell trøyttleik.

Hildegard av Bingen 1098-1179) brukte òg kryptimian. Ho skriv at urta har god effekt mot eksem sidan ho er blodreinsande. Ho hevdar òg at kryptimian er bra for blodgjennomstrøyminga i hjernen, og dermed betrar hugset. I dansk omsetjing tilrår ho: Den der lider af spedalskhed kan blande timian med andre krydderier og gnide dette på de angrebne sted i kroppen, så vil det fjerne de rådne sager fra kroppen.

Nicholas Culpeper (1616-1654) tilrådde kryptimian mot indre blødningar, hoste og oppkast. Han skriv at planta skaper velvære og styrkjer hovud, mage, nyrer, og livmor, driv ut luft or magen og "knekkjer stein", då truleg i meining galle- og nyrestein.

Carl von Linné (1707-1778) rekna kryptimian som slimløysande, betennelseshemmande og astringerande.

Utvortes

Kryptimian har vore brukt til inngnidning ved revmatiske lidingar, forstuingar og hovne område etter slag. I gamle nordiske legebøker vart urta tilrådd brukt både utvortes og innvortes mot bitt av giftige dyr. Den kunne knusast i eddik og tilsetjast rosenolje, og dette remediet skulle være fint å smørja i ansiktet ved hovudverk.

Tradisjonelt vart det laga styrkende og oppkvikkande bad ved å ta avkok av kryptimian, gjerne tilsett ryllik (Achillea millefolium) og knuste einerbær (Juniperus communis), og blanda dette i badevatnet. Eit sprituttrekk av urta, eller ein baseolje tilsett eterisk olje frå kryptimian, stimulerar blodsirkulasjonen og kan vera eit fint middel til smertestillande og krampeløysende massasje av verkjande musklar og ledd, revmatisme og forstuingar. Ved leddgikt og andre sterke giktsmerter har det vore brukt like deler kryptimian og rosmarin (Rosmarinus officinalis).

I folketrua har kryptimian spelt stor rolle som vern mot vonde makter. I Norden vart kryptimian tileigna Frøya og skulle fremja fertiliteten. I kristendommen vart planta knytt til Jomfru Maria, og vart symbol for morslukke.

NB! Bruk av medisinske dosar av kryptimian er frårådd under graviditet. Utvortes bruk av eterisk olje frå kryptimian kan gje allergiske reaksjonar!

Litteratur

  • Chevallier, Andrew: Damms store bok om medisinske urter, Oslo, N.W.Damm & Søn, 2003. ISBN 82-496-01-58-0
  • Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
  • Grieve, mrs. M.: A Modern Herbal, Merchant Books Co. Ltd. 1931, rev. ed. 1973. ISBN 1-904779-01-8
  • Hjelmstad, Rolv: Medisinplanter i Norge, Oslo, Gyldendal Norsk Forlag, 2012. ISBN 978-82-05-41914-8
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Ljungqvist, Kerstin: Nyttans växter, Dals Rostock, Calluna Förlag, 2006. ISBN 91-631-7128-7
  • Norman/Railo: Norges spiselige planter og bær, Oslo, J.M. Stenersens Forlag AS, 2015. ISBN 978-82-7201-599-1
  • Nielsen, Harald: Lægeplanter og trolddomsurter, København, Politikens Forlag, 1976. ISBN 87-567-2665-1
  • Olesen, Anemette: Hildegards urtebog, Forlaget Skarresøhus, 2010. ISBN 978-87-91502-32-3
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5