Solanum dulcamara

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Solanum dulcamara 305.jpg

Solanum dulcamara

  1. norsk: slyngsøtvier, bjønnsbær, bjønnebær, ulvebær, hundebær, trollebær, trollbær, eteved, vivang.
  2. dansk: bittersød natskygge, bittersød.
  3. svensk: besksöta, kvesved, vivang.
  4. engelsk: bittersweet, bitter nightshade, woody nightshade, dulcamara, felonwood, felonwort, scarlet berry, violet bloom.
  5. tysk: Bittersüss, Bittersüsser Nachtschatten.
  6. fransk: morelle douce-amère, douce-amère, vigne de Judée.
  • Solanaceae (Søtvierfamilien), fleirårig.
  • Brukte plantedeler: stengel, rot, blad.
  • Bruk: medisin, magisk til vern mot hekser og demonar.
  • Slyngsøtvier er i Legemiddelverkets urteliste klassifisert som reseptpliktig legemiddel og har såleis omsetningsrestriksjonar.

Eigenskapar etter tradisjonen

Slyngsøtvier skal ha astringerande, kjølande verknad og bitter, seinere søtleg smak. Urta verkar etter tradisjonen opplivande, urindrivande, avførande, sveittedrivande, slimløysande, febersenkande, blodreinsande, avgiftande, antiseptisk, roande, antirevmatisk og innvortes irriterande på slimhinner.

Slyngsøtvier er i våre dagar lite aktuell, men var tidlegare brukt i uttrekk eller avkok til behandling av astma, katarr, kronisk bronkitt, gikt og revmatisme, og som omslag på smertefulle ledd. Har særlig vore nytta ved hudproblem som verkesår, cellulitt, kronisk eksem, psoriasis, kløe, vorter og skabb.

For lenge sidan var slyngsøtvier oppfatta som eit viktig middel mot hekser og demonar. Planta vart gjerne lagd ved vogga for å hindre at barnet vart forheksa og vart òg brukt i fjøs og stall for å verna dyra mot dei underjordiske.

Utvortes

Utvortes kan friske blad og stenglar nyttast som omslag ved revmatisme, psoriasis, kronisk eksem, verkesår, cellulitt og andre hudplager. Det har vist seg at slyngsøtvier inneheld kortisonliknande substansar som delvis forklarar at planta kan ha gunstig verknad ved revmatiske plager og kronisk eksem. I Tyskland kan ein på apotek kjøpa Dulcamara-salve som alternativ til kortisonsalvar for behandling av eksem.

NB! Alle delene av slyngsøtvier er i større eller mindre grad giftige!

Litteratur

  • Chevallier, Andrew: Damms store bok om medisinske urter, N. W. Damm & Søn AS, 2003. ISBN 82-496-0158-0
  • Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
  • Grieve, mrs. M.: A Modern Herbal, Merchant Books Co. Ltd. 1931, rev. ed. 1973. ISBN 1-904779-01-8
  • Hjelmstad, Rolv: Medisinplanter i Norge, Oslo, Gyldendal Norsk Forlag, 2012. ISBN 978-82-05-41914-8
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Ljungqvist, Kerstin: Nyttans växter, Dals Rostock, Calluna Förlag, 2006. ISBN 91-631-7128-7
  • Nielsen, Harald: Lægeplanter og trolddomsurter, København, Politikens Forlag, 1976. ISBN 87-567-2665-1
  • Pahlow, M: Das grosse Buch der Heilpflanzen, Augsburg, Bechtermünz Verlag, 2001. ISBN 3-8289-1839-5
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5