Sempervivum tectorum

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
A: sempervivum tectorum B: sempervivum arenarium

Sempervivum tectorum

  1. norsk: takløk
  2. dansk: almindelig husløg
  3. svensk: taklök, äkta taklök
  4. engelsk: houseleek, roof houseleek, sengreen, ayegreen, ayron, Thor´s beard, hens and chicks
  5. tysk: Dach-Hausewurz, Hauswurz, Donnersbart
  6. fransk: joubarbe des toits
  • Crassulaceae, bergknappfamilien, fleirårig.
  • Gammal klosterplante.
  • Brukte plantedeler: friske blad, bladsaft.
  • Bruk: prydplante / brannførebyggjande plante på torvtak / medisinplante / mat.
  • Takløk er ikkje klassifisert eller nemnd i legemiddelverkets urteliste.

Eigenskapar etter tradisjonen

Samantrekkjande og sårheilande, kjølande, smertelindrande og betennelsesdempande, mjukgjerande og roande, krampeløysande, magestoppande, drivande på urin og innvollsorm.

Utvortes

Bladsafta har vore brukt mykje godt slik som vi kjenner til bruken av aloe vera i dag, ved nær sagt alle hudplager, og kanskje særleg ved ymse forbrenningar, varme- og solskader.

Uttrekk av takløk, eller knuste blad, vart lagde som kompress eller som grautomslag på hovne område, på ringorm, helveteseld, insektsstikk og annan kløe, vorter og liktorner.

Takløksafta vart det òg påstått kunne bleika fregner.

Nynorsk