Sanguisorba officinalis

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Sanguisorba officinalis

Sanguisorba officinalis

Det vitskapelege slektsnamnet til blodtopp, Sanguisorba, viser til medisinske eigenskapar. Sanguis betyr blod, og sorbere å suge opp.


  1. norsk: blodtopp, legeblodtopp
  2. dansk: læge-kvæsurt, kvæsurt, bibernelle
  3. svensk: blodtopp
  4. islandsk: blóðkollur.
  5. engelsk: greater burnet, great burnet, garden burnet, official burnet, burnet bloodwort, common burnet, salad burnet, sanguisorba.
  6. tysk: Grosser Wiesenknopf, Wiesenknopf, Wiesenkopf.
  7. fransk: pimprenelle officinale.
  • Rosaceae, rosefamilien, fleirårig.
  • Brukte plantedeler: tørka rotstokkar og røter, unge, friske blad og uopna blomstertoppar.
  • Bruk: medisin, mat til dyr og menneske, ingrediens i øl- og vinproduksjon.
  • Sanguisorba minor, pimpernell, er i legemiddelverkets urteliste klassifisert som handelsvare, og vi må rekna med at det same gjeld for sanguisorba officinalis.

Eigenskapar og bruk etter tradisjonen

Blodtopp er bitter, astringerande, avkjølande, blodstillande, sårheilande, mildt antiseptisk, smertestillande, styrkjande, stoppande og sveittedrivande.

Blodtopp har tradisjonelt vore brukt ved blødningar og sår, innvortes og utvortes, som til dømes ved magesår, sår på tolvfingertarmen, blodig avføring, blod i urinen og naseblod. Elles ved dårlig fordøyelse, diaré, dysenteri, tarmkatarr, irritabel tjukktarm, ulcerøs kolitt, ved for kraftig menstruasjonsblødning, blødning frå livmora utanfor menstruasjonsperioden, utflod, hemoroider og irritasjonar i endetarmsopningen. Det er primært som eit blodstillende middel at blodtopp i århundre har vore brukt, både i vestleg og kinesisk urtemedisin. Den raude blomsterfargen indikerte etter signaturlæra at dette var ei urt som verka på blodet.

Blodtopprot har i laboratorieforsøk vist hemmende verknad på mange sjukdomsframkallande bakterier. I gurglevatn eller munnskyllevatn kan uttrekk brukast ved tannkjøtbetennelse og hovne mandlar.

Ved forbrenningar malast rota til eit fint pulver som blandast med sesamolje og smørjast på det aktuelle området. Ved eksem og hudsår som ikkje vil gro dynkar ein gjerne ein kompress med blodtopp-avkok og legg på dei angrepne områda. Forskning tydar på at heile urta heilar brannsår meir effektivt enn om berre garvestoffa frå planta blir brukte. Pasientar med eksemplager, har vist tydeleg betring etter behandling med ein enkel salve av blodtopp utgnidd i vaselin. Av blomsteraks og unge blad kan ein lage ein te som set fart på magen, gjerne smakssett med peparmynte.

Utvortes

Som gurglevatn ved tannkjøtbetennelse, halsbetennelse og hovne mandlar. Utvortes på brannsår, skader og hudsjukdomar som kraftig kløe, eksem, utslett og byllar. Utvortes kan eit avkok, ein lotion eller salve laga av blodtopp, brukast ved naseblod og til behandling av opne sår, brannsår, eksem og anna utslett, byllar og hemoroider.

Blodtopp som mat

Friske, unge blad, skot og uopna blomsterknoppar av blodtopp kan brukast rå i salatar og har ein fin, agurkliknandede smak. Blad og skot bør haustast før planten kjem i blomst. Blodtopp skal òg ha vore brukt som ingrediens i både øl- og vinproduksjon. I Europa er det ei lenge brukt forplante.

Litteratur

  • Chevallier, Andrew: Damms store bok om medisinske urter, Oslo, N.W.Damm & Søn, 2003. ISBN 82-496-01-58-0
  • Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
  • Grieve, mrs. M: A modern herbal 1931, rev. ed. 1973, Merchant Book Company Ltd, Surrey. ISBN 1-904779-01-8
  • Hjelmstad, Rolv: Medisinplanter i Norge, Oslo, Gyldendal, 2012. ISBN 978-82-05-41914-8
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Ljungqvist, Kerstin: Nyttans växter , Dals Rostock, Calluna Förlag, 2006. ISBN 91-631-7128-7
  • Pahlow, M: Das grosse Buch der Heilpflanzen, Augsburg, Bechtermünz Verlag, 2001. ISBN 3-8289-1839-5
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5