Sambucus nigra

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Sambucus nigra

Sambucus nigra

  1. norsk: hyll, svarthyll.
  2. dansk: almindelig hyld.
  3. svensk: fläder, äkta fläder, hyll.
  4. islandsk: svartyllir.
  5. engelsk: elder, black elder, European elder, common elder, bore tree, pipe tree, tree of music, tree of medicine, danewort, sambu.
  6. tysk: Schwarzer Holunder, Schwarzer Hollunder, Flieder, Fleder, Holler, Holder.
  7. fransk: sureau noir, grand sureau, sureau.


  • Adoxaceae, moskusurtfamilien (tidlegare caprifoliaceae, kaprifolfamilien) fleirårig busk/tre.
  • Gamalt tuntre frå både gudehov og kloster.
  • Brukte plantedeler: Alle deler, blad, bork, blomster og bær har gjennom tidene vore brukte medisinsk, i dag helst blomster og saft frå bæra.
  • Bruk: prydtre / medisin / drikke (te av blomst og saft av blomst og bær).
  • Svarthyll er klassifisert som ikkje legemiddel i legemiddelverkets urteliste og kan omsetjast fritt.


Eigenskapar etter tradisjonen

Få andre europeiske planter har vore så høgt verdsette for sine medisinske eigenskapar som dette treet. Nesten alle deler av svarthyllen kunne brukast terapeutisk. Dioskorides (ca. 20 - 90 e.Kr.) fortel at hylleblomster verkar urindrivande medan hylleblad driv slim og galle. Henrik Harpestreng (død 1244) brukte hylleblad som omslag på byllar, kokte i olje mot skabb.

Blomstene er bitre og avkjølande, verker sveitte- og urindrivande , avførande, slimløysande, katarrdempande, krampeløysende, leververnande, blodreinsande, nerveroande, angstdempande, avslappande og betennelseshemmande. Bær og saft er søt, mildt bitter og avkjølande, verker virushemmande, sveittedrivande, urindrivande, avførande og antirevmatisk. Borken verker kraftig avførande, oppkastframkallende og urindrivande. Blada er utvortes blautgjerande, samantrekkjande og sårheilande, innvortes stoffskiftestimulerande, avførande, slimløysande, urin- og sveittedrivande.

Utvortes

Eit varmt uttrekk av svarthyllblomster, eller ein salve som inneheld svarthyll, kan brukast utvortes på kutt og sår, frostknutar, hudutslett, solskader og betent eller irritert hud. Hylleblomstvatn er eit godt hudpleiemiddel, det reinsar og motverkar betennelsar. Det er også blitt brukt til augevask ved katarr (konjunktivitt). Er ein trøytt i augo kan det lindrast med kompressar dynka i hylleblomstvatn. Svarthyllte kan brukas til munnskylling og som gurglemiddel ved infeksjon og betennelse i munn og svelg.

Litteratur

  • Chevallier, Andrew: Damms store bok om medisinske urter, Oslo, N.W.Damm & Søn, 2003. ISBN 82-496-01-58-0
  • Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
  • Grieve, mrs. M: A modern herbal 1931, rev. ed. 1973, Merchant Book Company Ltd, Surrey. ISBN 1-904779-01-8
  • Hjelmstad, Rolv: Medisinplanter i Norge, Oslo, Gyldendal, 2012. ISBN 978-82-05-41914-8
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Ljungqvist, Kerstin: Nyttans växter , Dals Rostock, Calluna Förlag, 2006. ISBN 91-631-7128-7
  • Nielsen, Harald: Lægeplanter og trolddomsurter, København, Politikens Forlag, 1976. ISBN 87-567-2665-1
  • Pahlow, M: Das grosse Buch der Heilpflanzen, Augsburg, Bechtermünz Verlag, 2001. ISBN 3-8289-1839-5
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5
  • Åsen, Per Arvid: Norske klosterplanter, Kristiansand, Portal forlag, 2015. ISBN 978-828314-037-8