Salvia officinalis

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Salvia officinalis

Salvia officinalis

Sálvia kjem av salvus, sunn, frisk.

  1. norsk: salvie, kryddersalvie, tesalvie
  2. dansk: læge-salvie, salvie
  3. svensk: kryddsalvia, salvia
  4. engelsk: sage, garden sage, common sage, kitchen sage
  5. tysk: Salbei, Echter Salbei, Garten-Salbei
  6. fransk: sauge
  • Lamiaceae, leppeblomstfamilien, fleirårig.
  • Brukte plantedeler: blad, unge skot.
  • Bruk: krydder / medisinplante / magi
  • Salvie er i legemiddelverkets urteliste ikkje klassifisert som legemiddel brukt som krydder, men som legemiddel brukt medisinsk som t.d. i urtete.

Eigenskapar etter tradisjonen

Hemmar utskiljing av spytt, sveitte og mjølk, stimulerar galle, urin og menstruasjon, krampeløysande, samantrekkjande, blodstillande, avslappande og roande, antirevmatisk og smertestillande, antiseptisk og reinsande, svakt blodsukkersenkjande.

Hildegard von Bingen (1098-1179) skriv, Når ein ikkje klarar å halda på urinen på grunn av kulde, då kokar ein salvie i vatn, siler gjennom ein duk og drikk dette varmt og ofte, då vert ein frisk att.

Utvortes

Salvieblad eit gammalt, velkjent middel til reingjering av tenner og tannkjøt. Gurglevatn tilsett salvie gunstig ved vond hals og illeluktande pust. Friske salvieblad på insektsstikk skal gje rask lindring. Salvie vart ofte tilsett ved fotbad for å minska fotsveitten. Salvie-uttrekk til omslag på seintgroande sår og til reingjering av infisert utslett og eksem.

Henrik Harpestreng, som døydde i Roskilde i 1244, gav rådet, Hvis de edlere deler klør, da vask dig med vin, som er kogt med salvie.

Sidan salvie kan ha verknad på mange såkalla kvinneplager, frå klimakteriesveitte til hysteri, vert den òg av mange rekna som ei kvinneurt.

Salvie har svært lang tradisjon som krydderplante, særleg der det er snakk om feite matvarer. Den har òg ein viss konserverande verknad på mat. Og den har erstatta humle ved ølbryggjing, kanskje òg som eit konserveringsmiddel?

Det vart sagt at ein kunne opna læste dører med ein salviekvist. Salvien skulle òg ha evne til å forlengja livet og vart ofte brukt i samband med at ein ynskte godt - eller vondt for einkvan.


NB! Bør brukast med stor varsemd av gravide og personar som brukar legemiddel mot diabetes og epilepsi.

Ammande kan få nedsett mjølkeproduksjon.:

NB! Større dosar eller langvarig bruk av salvie er generelt ugunstig på grunn av innhaldet av thujon.

Litteratur

  • Atha, Antony: Prismas stora örtabok, Stockholm, Bokförlaget Prisma, 2002. ISBN 91-518-3966-0
  • Bergenström, Anna: Annas örtagård, Stockholm, Bonnier Alba, 1995. ISBN 91-34-51345-0
  • Biggs, McVicar & Flowerdew: The complete book of herbs & fruit, London, Kyle Cathie Ltd. 2004. ISBN 1-85626-571-4
  • Chevallier, Andrew: Damms store bok om medisinske urter, Oslo, N.W.Damm & Søn, 2003. ISBN 82-496-01-58-0
  • Christophersen, Ansof Wyller: I Ansofs urtehage, Oslo, Gyldendal Norsk Forlag AS, 1988. ISBN 82-05-17660-4
  • Corneliuson, Jens: Växternas namn, Stockholm, Wahlström & Widstrand, 1997. ISBN 91-46-17679-9
  • Das grosse Buch der Hildegard von Bingen, Köln, Naumann & Göbel Verlagsgesellschaft mbH. ISBN 978-3-625-11415-4
  • Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
  • Grieve, mrs. M.: A Modern Herbal, Merchant Book Co. Ltd. 1931, rev. ed. 1973. ISBN 1-904779-01-8
  • Høiland, Klaus: Naturens legenede planter, Oslo, A/S Hjemmet, 1978. ISBN 82-7001-535-0
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Lunden, Jens: Medisinske urter - Naturens legende planter, Oslo, Teknologisk Forlag A/S, 1982. ISBN 82-512-0213-2
  • McVicar, Jekka, Damms store bok om urter, N.W.Damm & Søn A/S, 2003. ISBN 82-04-09266-0
  • McVicar, Jekka: Den store boken om urter for kropp og sjel, Oslo, Hilt & Hansteen, 2002. ISBN 82-7413-350-1
  • Nielsen, Harald: Lægeplanter og trolddomsurter, København, Politikens Forlag, 1976. ISBN 87-567-2665-1
  • Olesen, Anemette: Henrik Harpestrengs Urter, Skarresøhus Forlag, 2005. ISBN 87-91502-07-1
  • Olesen, Anemette: Krydderurter i hagen, Oslo, J.W.Cappelens Forlag AS, 2006. ISBN 82-02-25036-6
  • Olesen, Anemette: Lægeplanter fortæller historie, Forlaget Kongsvang, 1997. ISBN 87-984854-8-2
  • Pahlow, M: Das grosse Buch der Heilpflanzen, Augsburg, Bechtermünz Verlag, 2001. ISBN 3-8289-1839-5
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5

Eksterne lenkjer

Nynorsk