Rosa gallica «officinalis»

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Rosa gallica officinalis.jpg

Rosa gallica «officinalis»


  1. norsk: apotekarrosa, apotekerrosen
  2. dansk: apotekerrosen
  3. svensk: apotekarros
  4. engelsk: apothecary´s rose, Red Rose of Lancaster, French Rose
  5. tysk: Apothekerrose, Essig-Rose, Französische Rose,
  6. fransk: rose des apothicaires, rose de Provins
  • Rosaseae, rosefamilien, fleirårig
  • Gammal klosterplante
  • Brukte plantedeler: blomst, frukt, roseolje.
  • Bruk: pryd, medisinplante, luktplante, magi
  • Rosearter er i legemiddelverkets urteliste klassifiserte som handelsvare.

Eigenskapar etter tradisjonen

Apotekarrosa er den opphavlege medisinske rosa og er ein gammal sort provinsrose (Rosa gallica). Den astringerande verknaden til krunblad av roser kjem av det høge innhaldet av garvestoff, noko som gjer roseblomster og uttrekk av desse eigna til å stanse blødningar og vaginal utflod. Dei har òg ein effekt på fordøyingssystemet ved at dei reduserar overskot av syre og hyperaktivitet i magen, i tillegg til å dempa kramper knytte til kraftig diaré, dysenteri og tarmbetennelsar. Rosenkrunblad har også tradisjon som avføringsmiddel. Rosa skal ha stimulerande og reinsande verknad på lever og galleblære. Både krunblad og nyper skal kunna styrkja nervesystemet og gje nye krefter, og dermed kunna lindra plager som søvnløyse, depresjon, trøyttleik og irritabilitet. Rosekrunblad har òg virushemmande eigenskapar, og kan gjerne kombinerast med andre urter for behandling av virusinfeksjonar. Rosekrunblad kan redusera livmorkrampar i samband med menstruasjon, og forsterkar annan behandling som gjeld å betra fertilitet og auka lågt libido. Dei kjølande og balanserande kvalitetane til rosa er til særleg nytte under menopausen. Roser vert rekna som kvinnelige blomster, og vert mykje nytta i parfymer, såper og afrodisiaka.

Nyper er ei god C-vitamin kjelde, men dei støttar òg kroppens immunsystem og er tilrådd mot alle infeksjonssjukdomar, særleg hos barn. Nypene er urindrivande og hjelper til med å få skilt ut avfallsstoff gjennom urinen, i tillegg til å kjøla ned kroppen og dermed senka feber og redusera varmereaksjonar i huda i form av utslett og betennelsar. Denne tresidige verknaden, støtte til immunsystemet, hjelp til utskiljing (blodreinsande) og å være avkjølende, gjer at roser er eit framifrå middel til å lindre forkjølelses- og influensasymptom, sår hals, rennande nase, tette luftvegar, væskesamling i vevet (ødem), urinsyregikt og slitasjegikt (artritt), og i andre tilfelle der det er nødvendig med eit middel som er mildt urindrivande og blodreinsande. Urtete laga på nypefrø er eit tradisjonelt urindrivande middel som er vorte brukt til behandling av ulike plager knytte til urinvegane, men denne teen bør silast godt for å fjerna dei irriterende håra som frøa er utstyrte med.

I oldtida vart roseolje framstilt ved å legga rosekrunblad i olivenolje. Rosa sine luktstoff vart tekne opp av oljen og når denne prosessen vart utført flere gonger med nye krunblad, fekk ein olje som lukta av rose. Etter at ein fann ut av å utvinna eterisk olje med destillasjon, vart denne nye metoden brukt til framstilling av roseolje. Kvart enkelt krunblad inneheld ei lita mengd olje, og for å utvinna 1 kg roseolje trengst det heile 5000 kg rosekrunblad, så ekte roseolje er logisk nok svært kostbar. Roseolje blir ofte forfalska, og i våre dager kan roseolje også framstillast syntetisk. Ekte roseolje er eit spennande produkt som er svært populært i aromaterapien. Den har ein mildt roande, antidepressiv og betennelseshemmande verknad. Rosevatn framstillast ved at ein destillerar rosekrunblad med vatn, og rosevatn er eit verdifullt biprodukt ved destillasjon av roseolje. Det er ei fargelaus væske med behageleg roseange som brukast i både toalettartikler og legemiddel. Brukt som hudlotion er rosevatn kjent for å gjera huda klår og rein.

Utvortes

Utvortes kan ein urtete av rosekrunblad brukast til vask av sår og betente hudområde, og til munnskylling ved betennelse i munnhole og svelg. Innhaldet av garvestoff gjer krunblada mildt astringerende, og uttrekk kan brukast som gurglevatn mot sår hals og på munnsår. Urtete av rosekrunblad kan ein enkelt laga med 2 dl kokende vann over 1 teskje krunblad som får trekkja under lok i 10 minutt før siling.

Henrik Harpestreng (død i Roskilde 1244) skriv: Hvis roser stødes og lægges på helvedesild, tager det smerte.

Litteratur

  • Atha, Antony: Prismas stora örtabok, Stockholm, Bokförlaget Prisma, 2002. ISBN 91-518-3966-0
  • Chevallier, Andrew: Damms store bok om medisinske urter, Oslo, N.W.Damm & Søn, 2003. ISBN 82-496-01-58-0
  • Grieve, mrs.M.: A Modern Herbal, Surrey, Merchant Book Co. Ltd. 1931, rev. ed. 1973. ISBN 1-904779-01-8
  • Ljungqvist, Kerstin: Nyttans växter, Dals Rostock, Calluna Förlag, 2006. ISBN 91-631-7128-7
  • Olesen, Anemette: Henrik Harpestrengs Urter, Ryomgård, Skarresøhus Forlag, 2005. ISBN 87-91502-07-1
  • Olesen, Anemette: Lægeplanter fortæller historie, Forlaget Kongsvang, 1997. ISBN 87-984854-8-2
  • Åsen, Per Arvid: Norske klosterplanter, Kristiansand, Portal forlag, 2015. ISBN 978-82-8314-037-8

Eksterne lenkjer



Artikkel er under arbeid!