Rheum

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Rheum

Rheum sp.

  1. norsk: rabarbra.
  2. dansk: rabarber.
  3. islandsk: rabarbari.
  4. svensk: rabarber.
  5. engelsk: rhubarb.
  6. tysk: Rhabarber.
  7. fransk: rhubarbe.
  • Polygonaceae, slireknefamilien, fleirårig.
  • Gammal klosterurt.
  • Brukte plantedeler: stilk, rotstokk.
  • Bruk: mat, medisin, prydplante.
  • Rabarbrarot er klassifisert som legemiddel i Legemiddelverkets urteliste.
  • Skal ha vore brukt i lepra-medisinsk behandling.

Eigenskapar etter tradisjonen

Fleire variantar av rabarbra er vortne kultiverte og brukte til både mat-, medisin- og prydplante. Sjølv om blada er rekna som giftige, kan stilkane nyttast til mat og inneheld mellom anna sitronsyre, oksalsyre og eplesyre. Innan medisinen har særleg legerabarbra, rheum officinale, vore brukt. Dei andre artene har i større eller mindre grad tilsvarande eigenskapar.

Rabarbrarot er rekna som ei bitter, astringerande og kjølande urt som fremjar fordøyinga, verker appetittstimulerande, stimulerar livmor og har en avførende effekt. Brukast innvortes ved kronisk forstoppelse, diaré, lever- og galleblæreplager, hemoroidar, menstruasjonsproblem, og hudutslett som skuldast opphoping av skadelege substansar i kroppen. Rabarbrarot har etter tradisjonen vore brukt ved delirium, opphoping av mat i mage og tarm, hovudverk, akutt infeksjonsarta leverbetennelse, hovne og smerterfulle gummar, ved sår i munnen og på tunga, tannverk, oppkast av blod, naseblod, undertrykt menstruasjon, blodopphoping etter barnefødslar, gulsott og ødem.,

Utvortes

Utvortes brukast uttrekk av rabarbrarot som eit omslag på forbrenningar, hudsjukdommar med puss, brannbyllar, opphovningar, sår og traumatiske skader.


NB! Barn under to år, gravide og ammande bør unngå å ta inn rabarbra. Rabarbrarot skal heller ikkje brukast medisinsk under menstruasjonen eller av personar med betennelsestilstandar i tarmane, ved blødningar i magetarmsystemet, urinsyregikt, leddgikt, revmatisme eller nyrestein!

Litteratur

  • Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
  • Grieve, mrs. M.: A Modern Herbal, Merchant Books Co. Ltd. 1931, rev. ed. 1973. ISBN 1-904779-01-8
  • Hjelmstad, Rolv: Medisinplanter i Norge, Oslo, Gyldendal Norsk Forlag, 2012. ISBN 978-82-05-41914-8
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Ljungqvist, Kerstin: Nyttans växter, Dals Rostock, Calluna Förlag, 2006. ISBN 91-631-7128-7
  • Olesen, Anemette: Danske klosterurter, Aschehoug Dansk Forlag A/S, 2001. ISBN 87-11-16243-0
  • Pahlow, M: Das grosse Buch der Heilpflanzen, Augsburg, Bechtermünz Verlag, 2001. ISBN 3-8289-1839-5
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5