Ranunculus aconitifolius

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Ranunculus aconitifolius

Ranunculus aconitifolius


  1. norsk: duppesoleie, hvite dupper
  2. dansk: sølv knap
  3. svensk: stormhattsranunkel
  4. engelsk: white bachelor´s buttons, aconite-leaf buttercup
  5. tysk: Eisenhutblättriger Hahnenfuss, Eisenhut-Hahnenfuss
  6. fransk: renoncule à feuilles d`aconit


  • Ranunculaceae, soleiefamilien, fleiråig.
  • Namnet "duppesoleie" viser eigentleg til ein kultivar med fylte blomster

"Flore Pleno". Det er denne som finst i St. Jørgens Hospitals urtehage.

  • Brukte plantedeler: rot, blad, heil plante.
  • Bruk: prydplante/hudirriterande middel.


Eigenskapar etter tradisjonen

Duppesoleia er her å rekna som ein vakker representant for soleiefamilien som har mange felles eigenskapar.

Denne fylte utgåva set ikkje frø og må formeirast med stiklingar eller ved deling av rota.

Soleiene er giftige i større eller mindre grad, og får som regel stå i fred for beitande dyr.

Dei kan gje blemmer på huda hos både menneske og dyr om ein kjem i kontakt med saft frå stengel eller blad.

Soleiene har vore brukte som vortemiddel.

Den viktigaste medisinske bruken har nok vore som hudirriterande og -varmande middel, og soleier vart til tider brukt som erstatning for "spansk fluge", til dømes på smertefulle, revmatiske ledd.

I samanheng med lepra, kunne innhaldsstoffa i soleier brukast til å modna byllar og lepraknutar, slik at dei ved eit inngrep kunne opnast og tømmast.

Let ein soleiesubstansen ligga lenge nok på, vart det til sist etsa hol på byllen.

Ein kunne bruka knust, fersk vare, blad eller rot, eller gje dette eit oppkok og røra det saman til ein salve eller eit grautomslag.

Litteratur

  • Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
  • Grieve, mrs. M: A modern herbal 1931, rev. ed. 1973, Merchant Book Company Ltd, Surrey. ISBN 1-904779-01-8
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Ljungqvist, Kerstin: Nyttans växter , Dals Rostock, Calluna Förlag, 2006. ISBN 91-631-7128-7
  • Pahlow, M: Das grosse Buch der Heilpflanzen, Augsburg, Bechtermünz Verlag, 2001. ISBN 3-8289-1839-5



Nynorsk