Ranunculuc ficaria

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Ranunculus ficaria

Ranunculus ficaria

  1. norsk: vårkål
  2. dansk: vorterod.
  3. islandsk: vorsóley.
  4. svensk: svalört, stor svalört, svalblomster, svalsola, svälon, korskål, gulalåker, äggskål, korskål, kålranunkel.
  5. engelsk: lesser celandine, small celandine, smallwort, pilewort, fig-buttercup, figwort.
  6. tysk: Scharbockskraut, Frühlings-Scharbockskraut,Fiegwurz.
  7. fransk: ficaire, renoncule ficaire.
  • Ranunculaceae, soleiefamilien, fleirårig.
  • Gammal klosterplante.
  • Brukte plantedeler: Hele planta, også rota. Urta samlast om våren i samband med blomstring.

Overjordiske skot kan samles tidleg om våren og brukast til mat.

  • Bruk: medisin, mat, pryd (foredla sortar).
  • Ikkje tatt med i legemiddelverkets urteliste.

Eigenskapar etter tradisjonen

Vårkål er svakt bitter, astringerende og blodreinsande og har tradisjonelt vore brukt utvortes på hemoroider, vorter og sår.

Det er forma på rotknollane som er bakgrunnen for det vitskapelige artsnamnet ficaria, som kjem av det latinske ordet for fiken, ficus, og for at vårkål regnes som ei urt mot hemoroider. For tilhengarar av signaturlæra hadde desse fikenforma rotknollane stor likskap med hemoroider og tidlegare tiders urtelegar tilrådde vårkål både innvortes og utvortes mot disse plagsame utvekstane i endetarmen. I middelalderen trodde ein at det var mogleg å bli kvitt hemoroidene berre ved å bera vårkål på kroppen. Plantesafta av vårkålplanter har elles vore brukt til å fjerna vorter. Planta vart etter tradisjonen graven opp i blomstringstida og brukt frisk i salvar eller stikkpillar, eller tørka til bruk i uttrekk, flytande ekstraktar eller tablettar. Ofte vart vårkål kombinert med trollhassel (Hamamelis virginiana) i kremar og salvar, med ringblomst (Calendula officinalis) eller groblad (Plantago major) i stikkpillar. I urtemedisinen er vårkål oppfatta nærmast som spesifikk mot hemoroider. Salve av vårkål kan dessutan påførast utvortes på mellomkjøtskader etter barnefødslar. Varsemd er naudsynt sidan urta kan forårsaka irritasjon av følsam hud.

Vårkål kan etast

Vårkål er ein av dei tidligste vårblomane. Medan de fleste medlemmene i soleiefamilien inneheld skarpe og giftige stoff som verkar irriterande ved innvortes bruk, kan unge blad av vårkål etast, rå eller kokte. Dei første blada om våren kan vera fine i salat. Blad, stilkar og knoppar kan brukast som spinat, medan blomsterknoppane kan være ei erstatning for kapers (Capparis spinosa). Utover sommaren blir blada meir og meir giftige. Uansett må ein visa varsemd når denne planta skal brukast til mat.

Innvortes medisinsk bruk av vårkål er ikke lenger tilrådd på grunn av innhaldet av giftige stoff. Ved bruk som salatplante om våren må det visast varsemd og ikkje ta inn store mengder. Vårkål kan verka irriterande på utoleg hud.

Utvortes

Det er forma på rotknollane som er bakgrunnen for det vitskaplege artsnamnet ficaria, som kjem av det latinske ordet for fiken, ficus. For tilhengerar av signaturlæra hadde desse fikenforma rotknollane stor likskap med hemoroider, og tidlegare tiders urtelegar tilrådde vårkål både innvortes og utvortes mot desse plagsame utvekstane i endetarmen. I middelalderen var ei vanleg tru at ein kunne bli kvitt hemoroidene berre ved å bera vårkål på kroppen. Plantesafta av vårkålplanter har elles vore brukt til fjerning av vorter.

Litteratur

  • Atha, Antony: Prismas stora örtabok, Stockholm, Bokförlaget Prisma, 2002. ISBN 91-518-3966-0
  • Grieve, mrs. M: A modern herbal 1931, rev. ed. 1973, Merchant Book Company Ltd, Surrey. ISBN 1-904779-01-8
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Olesen, Anemette: Lægeplanter Fortæller Historie, Forlaget Kongsvang, 1994. ISBN 87-984854-8-2
  • Pahlow, M: Das grosse Buch der Heilpflanzen, Augsburg, Bechtermünz Verlag, 2001. ISBN 3-8289-1839-5
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5

Eksterne lenkjer


Artikkel under arbeid