Prunella vulgaris

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Prunella vulgaris

Prunella vulgaris

  1. norsk: blåkoll, brunkoll, blåhatt, humleblom, ølkall, sokkebandsdusk, sokkebandsskruv.
  2. dansk: brunelle, almindelig brunelle.
  3. svensk: : brunört, skogshumle
  4. islandsk: blákolla.
  5. engelsk: self-heal, selfheal, heal-all, all-heal, heart of the earth, carpenter's herb.
  6. tysk: : Brunelle, Braunelle, Kleine Braunelle.
  7. fransk: brunelle vulgaire.
  • Lamiaceae, leppeblomstfamilien, fleirårig.
  • Brukte plantedeler: hele den overjordiske planta.
  • Bruk: medisin, mat
  • Blåkoll er ikkje nemnd i Legemiddelverkets urteliste og er såleis å oppfatta som legemiddel.
  • Blåkoll veks vilt i urtehagen.

Eigenskapar etter tradisjonen

Blåkoll er bitter, sammentrekkjande, blodstillande, sårheilande, betennelseshemmande, krampeløysande, kløedempande, antiseptisk, antibakteriell, virushemmande, blodreinsande, styrkjande, blodtrykks- og febersenkende, urindrivande, magestyrkande, lever- og gallestimulerande og antioksidant.

Blåkoll har vore brukt ved problem med fordøying, kolikk, tarmgass, tjukktarmsbetennelse, diaré, dysenteri, gulsott, hovudverk, svimring, urinsyregikt, høgt blodtrykk, for kraftig menstruasjon. På samme måte som rosmarin (Rosmarinus officinalis) og salvie (Salvia officinalis), som er andre medlemmer av leppeblomstfamilien, er blåkoll ein kraftig antioksidant som vernar kroppens vev, noko som kan gjera blåkoll verdifull ved mange kroniske sjukdomar. Med så mange, iallfall påståtte, verdifulle eigenskapar, er det rart at ikkje blåkoll har større ry som medisinplante.

Blåkoll brukast helst som urtete laga av friskt plantemateriale, men han kan òg tørkast for seinere bruk. Pressa saft av blåkoll blanda med alkohol kan lagrast lenger, og dette kan brukes på mindre sår og irritasjoner.

Blåkollblad kan etast, rå eller kokte. Dei kan brukast i salatar, supper og stuingar. De er noko bitre på grunn av høgt innhald av garvestoff, men dei mildner litt om dei får ligga i vatn ei stund før bruk.

Utvortes

Blåkoll har vore brukt på sår, skader, mindre blødningar, blødande tannkjøt, ved betennelsar i munnen, sår hals, herpes simplex, forbrenningar, irriterte augo, konjunktivitt, utflod og hemoroider. Saft frå frisk, knust plante vil kunne dempe kløe og svie frå brennesle og insektstikk.

Litteratur

  • Chevallier, Andrew: Damms store bok om medisinske urter, Oslo, N.W.Damm & Søn, 2003. ISBN 82-496-01-58-0
  • Grieve, mrs. M: A modern herbal 1931, rev. ed. 1973, Merchant Book Company Ltd, Surrey. ISBN 1-904779-01-8
  • Hjelmstad, Rolv: Medisinplanter i Norge, Oslo, Gyldendal, 2012. ISBN 978-82-05-41914-8
  • Høeg, Ove Arbo: Ville vekster til gang og nytte, Universitetsforlaget AS, 1985. ISBN 82-00-06321-6
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Ljungqvist, Kerstin: Nyttans växter , Dals Rostock, Calluna Förlag, 2006. ISBN 91-631-7128-7
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5