Problem med lokaler til farmasihistorisk samling

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Svaneapoteket i Bergen
Foto: Nina Aldin Thune

Historisk dokument skrevet til et møte med ABM-utvikling

Svaneapotekets samlinger må flytte fra sine lokaler og trenger nye. Hva kan gjøres i den forbindelse?

Svaneapotekets samlinger

Stiftelsen «Jubileumsutstillingen i Bergen 400 år» ble opprettet i 1995 med formål å lage en utstilling av den farmasøytiske samlingen etter Svaneapoteket fra perioden 1925 – 1990 og deretter sørge for tilfredsstillende oppbevaring og registrering av samlingen.

  • Stiftelsen er i dvale men ikke nedlagt.
  • Gjenstandene er for tiden oppbevart i Norsk Medisinaldepots lokaler i Bergen i påvente av en permanent oppbevaringsplass.
  • Svaneapotekets samlinger må finne nye lokaler for å oppbevare gjenstander som er tatt vare på og som utgjør samlingenes gjenstandsmateriale.
  • Domene Farmasihistorie.com er samlingenes kunnskapsbase. Det består av en inngangside, billedgalleri og en wiki der det vil fortløpende bli skrevet artikler knyttet til fagområdet.

Samlingens Kulurhistoriske/ tekniske verdi

Svaneapoteket i Bergen er den bedrifta i landet som har lengst samanhengande drift, frå 1595. Det var i Bergen norsk farmasi starta. I 1921 opna det nye Svaneapoteket i Strandgaten 6, i det første bygget som vart gjenreist etter Bergensbrannen i 1916. Apotekarane på Svaneapoteket har i tillegg til å samla stor kunnskap innan yrket, også til dels vore aktive innan politikk og kulturliv. I særleg grad galdt nok dette dei tre store apotekardynastia, de Besche, Bull og Lothe, der apoteket vart ført frå far til son gjennom generasjonar. Far til Ole Bull var apotekar på Svaneapoteket, og Ole Bull sjølv var fødd i den gamle bygningen som gjekk med i brannen i 1916.

Samlinga består av inventar og gjenstandar som vart sette til side på loft og i kjellar etter kvart som dei gjekk ut av bruk. Det er eit tverrsnitt av redskap brukte på Svaneapoteket i tidsrommet 1921 og fram til ca. 1995. Svaneapoteket hadde då det var gjenopna etter brannen, eit topp moderne laboratorium og hadde i mange år ein stor produksjon for eige sal og for vidaresal til andre apotek landet rundt. Difor inneheld samlinga også mykje unikt produksjonsutstyr i tillegg til dei meir vanlege apotektinga.

Lokalisering

Svaneapotekets samlingar har etter at mange av gjenstandane vart trekte fram i lyset i samband med 400 års jubileet i 1995 og etter at jubileumsutstillingen ” Extractum” vart demontert, vore trygt lagra hjå Norsk Medisinaldepot på Nattland.

No er Norsk Medisinaldepots bygg selt til Lidl og vert rive sommaren 2007. Dermed vert samlinga huslaus, og det er behov for ei rask løysing. Sjølvsagt er det optimale permanente lokale, der ein lett kan koma til samlinga og både driva registreringsarbeid og gjerne få stilt ut delar av samlinga, men ei midlertidig hasteløysing, der likevel lokala gjev tilfredsstillande lagringstilhøve, er gjerne det beste ein kan vona på når ein slik situasjon oppstår.

I samband med utstillingen vart det oppretta ei stifting ” Jubileumsutstillingen Svaneapoteket i Bergen 400 år” med Bjarne Thune som leiar. Denne stiftinga er i dvale, men ikkje nedlagd. Stiftinga har svært lite midlar, og Norsk Medisinaldepot har støtta opp under farmasihistoria ved å stilla gratis lokale til rådvelde for samlinga i alle desse åra.

ABM-utvikling

Se også

Farmasihistorie

Farmasihistorie har bilder.

Eksterne lenker