Polygonatum multiflorum

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Polygonatum multiflorum

Polygonatum multiflorum

  1. norsk: storkonvall, kong Salomos segl, beingras, beinbrotgras, beinverksurt
  2. dansk: stor konval, Salomons segl
  3. svensk: storrams, kung Salomos sigill, kungskonvalj
  4. engelsk: Solomon's seal, true Solomon's seal / common Solomon's seal.
  5. tysk: Vielblütige Weisswurz, Salomonssiegel, Vielblütiges Salomonssiegel
  6. fransk: Polygonate multiflore
  • Convallariaceae, konvallfamilien, fleirårig.
  • Gammal klosterplante
  • Brukte plantedeler: rotstokkane (rhizomane), desse vart gravne opp om hausten og tørka for seinare bruk.
  • Bruk: pryd, medisin, mat (rotstokk og kokte, unge skot).
  • Polygonatumarter er klassifiserte som reseptpliktige legemiddel i legemiddelverkets urteliste.
  • I urtehagen har storkonvallen dukka opp på eiga hand, truleg som blindpassasjer med planter vi har fått frå Botanisk hage/Arboretet.

NB! Overjordiske plantedeler er rekna som giftige, særleg bæra som kan likna blåbær!

Bruk etter tradisjonen

Rhizomane eller rotstokkane til storkonvall vart i eldre tid selde på apoteka under namnet Radix sigilli salomonis (rota til Salomos segl) og har vore oppfatta som eit nærende styrkemiddel som verkar appetittstimulerande og fordøyelsesfremjande, aukar peristaltikken, seinkar hjarterytmen og gjev djupare andedrag. Storkonvall skal verka energigjevande, foryngande, afrodisierande, mjukgjerande, slimløysande, hostedempande, urindrivande, blodstillande, hjartestyrkjande, roande, avkjølande, sår- og brotheilande. Det er heile tida snakk om rotstokken. Overjordiske deler og særleg bæra er rekna som giftige, sjølv om unge skot har vore brukte til mat i kokt tilstand. Storkonvall har vore brukt ved senestrekk, forstuingar, beinbrot, betente muskelhinner, hemoroider, revmatisme, kraftløyse, appetittmangel, feilernæring, irritasjonar i fordøyelseskanalen, magebetennelsar, dysenteri, magesår, sår på tolvfingertarmen, manglande fertilitet, impotens, ufrivillig sædavgang, hyppig vannlating hos menn, tørr hals, særleg hos diabetikarar, irritabilitet, tørrhoste, bronkitt, tuberkulose, og hjartesjukdom.

Utvortes

Grautomslag av storkonvallrot skal verka blodstillande, kunna motverka blåmerke, dempa skjemmande fregner, eksem og misfargingar av hud, og stimulera reparasjon av skadd vev, på samme måte som solblom (Arnica montana). Den pulveriserte rota har sammentrekkjande og oppmjukande verknad, og har vore grunnlag for eit liniment brukt ved skrammer, hemoroider og betennelsar i hud og ytre kroppsdeler. Eit destillat av heile planta har vore brukt som et hudtonikum og som ingrediens i dyr kosmetikk. Den tørka og pulveriserte rota og blomstene har tradisjon brukt som pulver til å fremkalla nysing, noko som i eldre tid vart oppfatta som svært sunt, "ein fekk lufta sjela", men i realiteten kan nokre gode nys reinska opp i store deler av luftvegane. Dei giftige bæra vart ofte kalla ormebær. Dei vart enkelte stader lagde på brennevin og brukte mot tannverk. I Bergen skal dei ha vorte kokte til graut og lagde som omslag på verkefingrar.

Litteratur

  • Chevallier, Andrew: Damms store bok om medisinske urter, Oslo, N.W.Damm & Søn, 2003. ISBN 82-496-01-58-0
  • Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
  • Grieve, mrs. M: A modern herbal 1931, rev. ed. 1973, Merchant Book Company Ltd, Surrey. ISBN 1-904779-01-8
  • Hjelmstad, Rolv: Medisinplanter i Norge, Oslo, Gyldendal, 2012. ISBN 978-82-05-41914-8
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Nielsen, Harald: Lægeplanter og trolddomsurter, København, Politikens Forlag, 1976. ISBN 87-567-2665-1
  • Olesen, Anemette: Danske klosterurter, Aschehoug Dansk Forlag, 2001. ISBN 87-11-16243-0
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5