Plantago major

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Plantago major

Plantago major

  1. norsk: groblad, vegablad, lækjesblad, lækjesblekke, vegblokk, sårblad, gardsgras, griseblad, grisetunge, griseøyre, groblokke, hønseblad, jonsokgras, plåsterblad
  2. dansk: glat vejbred, bredbladet vejbred, stor vejbred, kæmpe
  3. svensk: groblad, gårdsgroblad
  4. islandsk: græðisúra
  5. engelsk: common plantain, greater plantain, broadleaf plantain, general plantain, rippleseed plantain, ripple grass, wagbread, white man's foot
  6. tysk: Wegerich, Breitwegerich, Grosser Wegerich
  7. fransk: plantain majeur.
  • Plantaginaceae, kjempefamilien, fleirårig.
  • Brukte plantedeler: blad eller heil plante, også friskpressa bladsaft, frø som avføringsmiddel og til mat.
  • Bruk: medisinplante, mat.
  • Groblad er klassifisert som ikkje legemiddel i urtelista frå Statens legemiddelverk og kan omsetjast fritt.

Bruk etter tradisjonen

Groblad er ein svært gammel medisinplante. Til dømes tilrådde alt Dioskorides (ca. 20 - 90 e.Kr.) groblad ved blødningar og blodtap, hundebit og brannsår. Vegfarande som gjekk til fots var ofte plaga med tunge, såre føter, men eit friskt groblad i kvar sko har styrkt føtene til mange trøytte vandrarer. Vikingane brukte å legga groblad på sine sårskader. Planten er prisa for alle sine gode eigenskapar i dei gamle skriftene til Hildegard von Bingen (1098-1179), Henrik Harpestreng (død 1244) og Arvidh Manson (død kring 1628).

Blada plukkast gjennom hele blomstringstida, brukast friske eller forsiktig tørka. Effekten er best av frisk vare.

Frø og blad har òg vore nytta til mat.

Groblad er tillagt fylgjande verknader: astringerande, kjølande, sårheilande, antiseptisk, blodreinsande, blodstillande, urindrivande, slimløysande, slimhinnevernande, giftnøytraliserande, reinsande, avførande, krampeløysande ved astma og kolikk, hostedempande og febersenkande.

Også smalkjempe (plantago lanceolata) og dunkjempe (plantago media) har tradisjon som medisinplanter.

Utvortes

Det er som sårmiddel groblad har fått størst ry. Groblad kan leggast direkte på huda for å stanse blødningar. Ein seier at "framsida lækje og baksida trekkje". Ved reine, ferske sår og brannsår legg ein oversida på bladet ned mot såret. Undersida av bladet dreg ut materie og reinsar eldre, infiserte sår. Groblad stimulerer reparasjonen av skadd vev.

Bladsafta vil òg kunna lindra smertene etter bit av insekt og hudirritasjonar etter nærkontakt med brenneneslar og brennmanet. Blir ein biten av hoggorm, vert det sagt at ein snarast råd er bør legga eit groblad med undersida ned på bitstaden. Dette skal hjelpa til å trekkja ut gifta og minska ubehaget av bitet. Groblad har òg vore brukte ved rosen, eksem, forbrenningar og skurv i hårbotnen. Då brukar ein gjerne eit sterkt planteuttrekk til å bada dei aktuelle områda med, gjerne mange gonger dagleg til problemet går over. Også ved revmatiske plager kan slik urtete brukast som omslag, eller som tilsetjing i badevatnet, for å lindre smertene. Svakare uttrekk av groblad har vore brukt ved augeinfeksjonar.

Litteratur

  • Chevallier, Andrew: Damms store bok om medisinske urter, Oslo, N.W.Damm & Søn, 2003. ISBN 82-496-01-58-0
  • Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
  • Grieve, mrs. M: A modern herbal 1931, rev. ed. 1973, Merchant Book Company Ltd, Surrey. ISBN 1-904779-01-8
  • Hjelmstad, Rolv: Medisinplanter i Norge, Oslo, Gyldendal, 2012. ISBN 978-82-05-41914-8
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Ljungqvist, Kerstin: Nyttans växter , Dals Rostock, Calluna Förlag, 2006. ISBN 91-631-7128-7
  • Manson, Arvidh: Urteboken fra 1628, Oslo, Kolibri forlag, 1998. ISBN 82-90478-90-9
  • Nielsen, Harald: Lægeplanter og trolddomsurter, København, Politikens Forlag, 1976. ISBN 87-567-2665-1
  • Olesen, Anemette: Henrik Harpestrengs urter, Ryomgård, Skarresøhus forlag, 2005. ISBN 87-91502-07-1
  • Olesen, Anemette: Hildegards urtebok, Ryomgård, Skarresøhus forlag, 2010. ISBN 978-87-91502-32-3
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5