Peucedanum ostruthium

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Peucedanum ostruthium

Peucedanum ostruthium, syn.: imperatoria ostruthium

  1. norsk: meisterrot, mesterrot
  2. dansk: mesterrod, storskærm
  3. svensk: mästerrot
  4. engelsk: masterwort
  5. tysk: Meisterwurz. Kaiserwurz, Gebräuchlicher Haarstrang
  6. fransk: benzoin francais, impératoire peucédan ostruthium, peucédan ostruthium
  • Apiaceae (Umbelliferae), skjermplantefamilien, fleirårig.
  • Gammal klosterplante.
  • Brukte plantedeler: Jordstengel og rotstokk, også blad, blomst og frø.
  • Bruk: medisinplante / magisk plante / krydder(frø som peparerstatning.
  • Klassifisert som reseptpliktig legemiddel i legemiddelverkets urteliste.

Eigenskapar etter tradisjonen

Er aromatisk og bitter, stimulerar appetitt og magefunksjon og fremjar matmeltinga, er krampeløysande, driv sveitte, urin og menstruasjon, løyser slim, dempar feber og betennelse.

Eit gammalt sitat etter Henrik Harpestreng (døydde i 1244): Den læger spedalskhet når den blandes med eddik.

Nicholas Culpeper (1616-1654) skriv: Om ein dryp plantesafta i grøne og ureine sår eller sår det er gift i, vert dei raskt reine og heilast.

Meisterrot er ei gammal trolldomsurt som kunne driva ut djevel, troll og hekser som inga anna plante på grunn av dei sterke banda ein oppfatta til det treeininge og all symbolikken som vart lagd i det.

Dei gamle romarane såg på planta som ei universalmotgift, og den lækjer alle sår, gjer blinde sjåande og gjer gamlingar til ynglingar.

Utvortes

Friske blad vart tradisjonelt brukte på saktegroande sår som det hadde sett seg "vondt" i. Safta av frisk rot vart brukt på byllar og svullar, for å få ut "det vonde".

NB! Meisterrot er fototoksisk. Det vil seia at ein kan få eksem og sår i tilfelle det kjem sollys på hud med spor av plantesaft!

Litteratur

  • Christophersen, Ansof Wyller: I Ansofs urtehage, Oslo, Gyldendal Norsk Forlag AS, 1988. ISBN 82-05-17660-4
  • Culpeper´s Complete Herbal, W. Fouldsham & Co. Ltd. ISBN 0-572-00203-3
  • Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
  • Grieve, mrs. M: A Modern Herbal, Merchant Book Co. Ltd. 1931, rev. ed. 1973. ISBN 1-904779-01-8
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Lunden, Jens: Medisinske urter - Naturens legende planter, Oslo, Teknologisk Forlag A/S, 1982. ISBN 82-512-0213-2
  • Manson, Arvidh: Den herlige urteboken fra 1628, Oslo, Kolibri Forlag, 1998. ISBN 82-90478-90-0
  • Nielsen, Harald: Lægeplanter og trolddomsurter, København, Politikens Forlag, 1976. ISBN 87-567-2665-1
  • Olesen, Anemette: Danske Klosterurter, Aschehoug Dansk Forlag A/S, 2001. ISBN 87-11-16243-0
  • Olesen, Anemette: Lægeplanter fortæller historie, Forlaget Kongsvang, 1997. ISBN 87-984854-8-2
  • Pahlow, M: Das grosse Buch der Heilpflanzen, Augsburg, Bechtermünz Verlag, 2001. ISBN 3-8289-1839-5
  • Reichborn-Kjennerud, I.: Den gamle urtegård, Borgarsyssel museum, Sarpsborg, 1930.

Eksterne lenkjer

Nynorsk