Petroselinum crispum

Farmasihistorie fagwiki
(Omdirigert fra Petroselinun crispum)
Hopp til: navigasjon, søk
Petroselinun crispum

Petroselinum crispum var. neapolitanum

  1. norsk: persille, bladpersille, glattpersille, glatt bladpersille, glattbladet persille, fransk persille, italiensk persille.
  2. dansk: glatbladet persille
  3. svensk: slätpersilja, slätbladig persilja, slät bladpersilja
  4. islandsk: pétursselja, steinselja
  5. engelsk: plainleaf parsley, French parsley, Italian parsley
  6. tysk: Italienische Petersilie
  7. fransk: persil, persil cultivé
  • Apiaceae, skjermplantefamilien, toårig.
  • Brukte plantedeler: frø, rot, heil plante og eterisk olje.
  • Bruk: krydder / matplante / medisinplante / parfyme
  • Persille er klassifisert som handelsvare i legemiddelverkets urteliste.

Eigenskapar etter tradisjonen

Persille vart skildra som medisinplante alt av Dioskorides (ca. 20 - 90 e.Kr.)

Danske Henrik Harpestreng (død 1244) tilrådde bruk av persille ved lepra, kogt i let Vin og drukket om Morgenen, gavner den Spedalske.

Frø og blad av persille verkar urindrivande, slimløysande, avslappande og roande, blodtrykkssenkande, livmorstimulerande, menstruasjonsdrivande og abortframkallande, krampeløysande, antirevmatisk, appetittstimulerande, mildt avførande og tarmgassdempande, fjernar innvollsorm, er antiseptisk og betennelseshemmande.

Persille er bitter og aromatisk og kanskje verdas mest brukte krydder.

Persille er full av næringsstoff eg er eit godt styrkemiddel. Planten inneheld jern, magnesium, kalium, kalsium, sink og fosfor i tillegg til folsyre og vitamina A, B1, B2, C og K.

Utvortes

Knuste persilleblad kan brukast som lindrande og antiseptisk omslag på forstuingar, insektstikk, skrammer og sår.

Persille kan leggast i vatn natta over, så får ein eit godt hudreinsemiddel.

Pressa plantesaft av persille vart brukt lokalt mot tannverk, på blåmerke og hemoroider.

Uttrekk av frø eller blad vart brukt som hårmiddel mot flass og lus, men òg for å gje håret vakker glans.


Eit råd mot reisesykje har vore å tygga persilleblad.

Gnir ein knust persille på huda, verkar det både førebyggande og lindrande mot stikk av mygg og andre insekt.

Eit gammalt kjerringråd for å dra ut fliser, metallspon eller glasbitar frå huda er å legga eit godt lag friske, knuste persilleblad på staden.

Som trylleplante vart persille brukt til å verna buféet mot hekseri


Litteratur

  • Chevallier, Andrew: Damms store bok om medisinske urter, Oslo, N.W.Damm & Søn, 2003. ISBN 82-496-01-58-0
  • Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
  • Grieve, mrs. M: A modern herbal 1931, rev. ed. 1973, Merchant Book Company Ltd, Surrey. ISBN 1-904779-01-8
  • Hjelmstad, Rolv: Medisinplanter i Norge, Oslo, Gyldendal, 2012. ISBN 978-82-05-41914-8
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Ljungqvist, Kerstin: Nyttans växter , Dals Rostock, Calluna Förlag, 2006. ISBN 91-631-7128-7
  • Nielsen, Harald: Lægeplanter og trolddomsurter, København, Politikens Forlag, 1976. ISBN 87-567-2665-1
  • Olesen, Anemette: Henrik Harpestrengs urter , Ryomgård, Skarresøhus Forlag, 2005. ISBN 87-91502-07-1
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5

Eksterne lenker


Nynorsk