Origanum vulgare

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Origanum vulgare

Origanum vulgare

  1. norsk: bergmynte, kung, kungsmynte, kong, kongsgras, vill oregano, ølkom
  2. dansk: vild merian, almindelig merian
  3. svensk: kungsmynta, vildmejram, oregano, spansk humla
  4. engelsk: wild marjoram, marjoram, oregano, wild oregano, joy of the mountain, wintersweet
  5. tysk: Dost, Dorant, Wilder Majoram, Staudenmajoram, Mutterkraut, Schusterkraut, Badkraut
  6. fransk: origan, origan vulgaire, marjolaine sauvage
  • Lamiaceae, leppeblomstfamilien, fleirårig.
  • Brukte plantedeler: blad, blomst, unge toppar eller heil plante utan rot.
  • Bruk: krydder / medisinplante / trolldomsurt.
  • Ikkje klassifisert som legemiddel i legemiddelverkets urteliste.

Eigenskapar etter tradisjonen

Skarpt aromatisk, fremjar appetitt og matmelting, virkar mildt sveitte- galle- og urindrivande, slimløysande, samantrekkjande og antiseptisk, kvalmedempande, stimulerar livmora og fremjar menstruasjonen, varmande og svakt roande.

Togg ein friske blad skulle dei lindra tannverk, dei kunne òg brukast mot sjøsykje og mot slangegift. Arvidh Manson skriv i 1628: Om noen blir bitt av en orm må man koke denne urt og gi dem å drikke. Det hjelper.

Bergmynte kunne driva bort djevelen og verna kvinner mot trollskap i samband med t.d. brurevigsel eller fødsel.

Bergmynte har lange tradisjonar brukt som krydder i kjøtmat, blodmat og supper, vart rekna som ei av "pølseurtene" saman med sar, timian og merian, også brukt ved ølbryggjing på same måte som humle. Bergmynte er ei ikkje uvanleg lukttilsetjing i såper og parfymer, særleg til menn.

NB! Bør brukast med stor varsemd av gravide!

Litteratur

  • Atha, Antony: Prismas stora örtabok, Stockholm, Bokförlaget Prisma, 2002. ISBN 91-518-3966-0
  • Bergenstrøm, Anna: Annas örtagård, Stockholm, Bonnier Alba, 1995. ISBN 91-34-51345-0
  • Biggs, McVicar & Flowerdew: The complete book of vegetables, herbs & fruit, London, Kyle Cathie Ltd. 2004. ISBN 1-85626-571-4
  • Chevallier, Andrew: Damms store bok om medisinske urter, Oslo, N.W.Damm & Søn, 2003. ISBN 82-496-01-58-0
  • Christophersen, Ansof Wyller: I Ansofs urtehage, Oslo, Gyldendal Norsk Forlag AS, 1988. ISBN 82-05-17660-4
  • Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
  • Grieve, mrs.M.: A Modern Herbal, Surrey, Merchant Book Co. Ltd. 1931, rev. ed. 1973. ISBN 1-904779-01-8
  • Høeg, Ove Arbo: Planter og tradisjon, Oslo, Universitetsforlaget, 1976. ISBN 82-00-08930-4
  • Høiland, Klaus: Naturens legenede planter, Oslo, A/S Hjemmet, 1978. ISBN 82-7001-535-0
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Lunden, Jens: Medisinske urter - Naturens legende planter, Oslo, Teknologisk Forlag A/S, 1982. ISBN 82-512-0213-2
  • Manson, Arvidh: Den herlige urteboken fra 1628, Oslo, Kolibri forlag, 1998. ISBN 82-90478-90-9
  • McVicar, Jekka: Damms store bok om urter, N.W.Damm & Søn A/S, 2003. ISBN 82-04-09266-0
  • McVicar, Jekka: Den store boken om urter for kropp og sjel, Oslo, Hilt & Hansteen As, 2002. ISBN 82-7413-350-1
  • Nielsen, Harald: Lægeplanter og trolddomsurter, København, Politikens Forlag, 1976. ISBN 87-567-2665-1
  • Olesen, Anemette: Krydderurter i hagen, Oslo, J.W Cappelens Forlag AS, 2006. ISBN 82-02-25036-6
  • Olesen, Anemette: Lægeplanter fortæller historie, Forlaget Kongsvang, 1997. ISBN 87-984854-8-2
  • Pahlow, M: Das grosse Buch der Heilpflanzen, Augsburg, Bechtermünz Verlag, 2001. ISBN 3-8289-1839-5
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5

Eksterne lenkjer


Nynorsk