Nicotiana rustica

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Köhler 061.jpg

Nicotiana rustica

  1. norsk: bondetobakk
  2. dansk: bonde-tobak
  3. svensk: bondtobak
  4. islandsk: tóbaksjurtir
  5. engelsk: Aztec-tobacco, wild tobacco
  6. tysk: Bauern-Tabak, Rundblatt-Tabak
  7. fransk: le petit tabac, le tabac de jardin


  • Solanaceae, søtvierfamilien, dyrka som eitt-årig plante, men kan overvintra frostfritt.
  • Brukte plantedeler: blad, heil plante.
  • Bruk: nytingsmiddel, medisinplante, insektmiddel.
  • Nicotiana er ikkje med i Legemiddelverkets urteliste.
  • Skal ha vore brukt i lepra-medisinsk behandling.


Litt tobakkshistorie

Bondetobakk og virginiatobakk er to av dei i alt kring 60 ulike tobakksartene. Sjølvsagt har dei mesteparten av eigenskapane til felles, men medan virginiatobakken har eit nikotininnhald på mellom 1% og 3%, kan bondetobakken innehalda heile 9% nikotin.

Bondetobakken, også kalla villtobakk og aztektobakk, har mest sannsynleg sitt opphav i Mellom- og Nord-Amerika, medan dagens mest dyrka tobakk, Virginiatobakken, har sin bakgrunn i Sør-Amerika.

Det er ikkje lenger så godt kjent at det frå kring 1880 og fram til 1920-talet var ei utbreidd tobakksdyrking i Midtre- og Indre-Sogn, delvis på grunn av overproduksjon av poteter og delvis på grunn av at heimvende norsk-amerikanarar tok med seg kunnskapen om tobakksproduksjon til gamlelandet.

Under 2. Verdskrigen var det atter aktuelt med lokal tobakksdyrking her i landet, men så snart utanlandske leverandørar var på fote att, forsvann den norske produksjonen. Kanskje er trass alt ikkje vårt klima det best eigna for tobakk? Bondetobakken var nok den som lika seg best så langt mot nord.

Tobakk vart faktisk dyrka i Norge alt frå tidleg på 1700-talet. Det var prestane som spreidde lærdommen om dei spennande plantene frå den nye verda, og det var i starten lettare å få respons for tobakken enn for den mykje nyttigare slektningen poteta.

Eigenskapar etter tradisjonen

Medlemmer av Nicotiana-slekta er mistenkte for å ha forårsaka fleire dødsfall enn noko anna planteslekt.

Tørka og finpulveriserte tobakksblad vart brukte til snus i nasen (derfor heiter det snus), noko som medførde intens nysing. I si tid var nysing oppfatta som svært sunt, ein fekk lufta sjela. Svarte prikkar eller nysespor på veggen var teikn på velstand i heimen. Elles var det tidleg kjent at om ein brukte tobakk, kunne ein klara seg med mindre mat.

Tobakk aukar hjarterytmen og blodtrykket, verkar mageregulerande og oppkastframkallande på personar som ikkje er vane med nikotinbruk. Tobakken er lett smertestillande, muskelavslappande, antirevmatisk, urin- og sveittedrivande.

Te av tobakksblad vart brukt mot feber, ødem, hemorroider og podagra. Var brygget for sterkt, kunne ein bli skikkeleg sjuk, men som regel vart ein redda av den oppkastframkallande verknaden. Nikotininnhaldet i tre sigarettar kan vera nok til å ta livet av ein vaksen mann, særleg om dei er laga av bondetobakk, men då må ein legga dei i bløyt først og så drikka uttrekket.

I ”Om Spedalskhed” frå 1847 nemner Danielssen og Boeck Nicotianæ mellom ”resolverende og bittre Extracter”. Vi veit ikkje kva tobakkstype det er snakk om.

Utvortes

Piperøyk vart brukt lokalt både mot øyreverk og mot endetarmsplager.

Tobakksblad rulla saman til tampongar eller stikkpillar kunne nyttast ved plager relaterte til diverse kroppsopningar. Knuste og eller kokte tobakksblad vart brukte på utvendige sår og skader, byllar, brannsår, dyre- og insektbit.

Tørka og finknust tobakk var eit effektivt middel mot utvendige parsittar som lus, lopper og skabb, dette galdt særleg bondetobakken med sitt høge nikotininnhald. Tobakkspulveret kunne òg blandast med svinefeitt for å få ein salve til same bruk. Tobakkssalven kunne også bli brukt som varmande middel ved sterk forkjøling eller gikt.

Det vart framstilt tobakksolje på same vis som ein laga rosenolje. Tobakksoljen er svært giftig og kan medføra halusinasjonar. Ein enkelt drope i tannhòlet var nok til å lindra den verste tannverk.


NB! TOBAKKSPLANTEN ER GIFTIG OG EIGNAR SEG ABSOLUTT IKKJE TIL SJØLVMEDISINERING!
NIKOTININNHALDET I BERRE NOKRE FÅ SIGARETTSNEIPAR ER GIFTIG NOK TIL Å TA LIVET AV EIT VAKSE MENNESKE!


Litteratur

  • Chevallier, Andrew: Damms store bok om medisinske urter, Oslo, N.W.Damm & Søn, 2003. ISBN 82-496-01-58-0
  • Grieve, mrs. M: A modern herbal 1931, rev. ed. 1973, Merchant Book Company Ltd, Surrey. ISBN 1-904779-01-8
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Ljungqvist, Kerstin: Nyttans växter , Dals Rostock, Calluna Förlag, 2006. ISBN 91-631-7128-7
  • Nielsen, Harald: Lægeplanter og trolddomsurter, København, Politikens Forlag, 1976. ISBN 87-567-2665-1
  • Pahlow, M: Das grosse Buch der Heilpflanzen, Augsburg, Bechtermünz Verlag, 2001. ISBN 3-8289-1839-5
  • Sejersted & Strømme Svendsen: Blader av tobakkens historie, Oslo, Gyldendal Norsk Forlag A/S, 1978. ISBN 82-05-11016-6