Mentha x piperita

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Mentha x piperita

Mentha x piperita

Peparmynte er ei kryssing mellom grønmynte, Mentha spicata, og vassmynte, Mentha aquatica. Peparmynte må formeirast med stiklingar

  1. norsk: peparmynte, peppermynte
  2. dansk: pebermynte.
  3. islandsk: piparminta.
  4. svensk: pepparmynta.
  5. engelsk: peppermint, mint, brandy mint, balm mint, curled mint.
  6. tysk: Pfeffermintze, Katzenkraut.
  7. fransk: menthe poivrée, menthe poivre.
  • Lamiaceae, leppeblomstfamilien, fleirårig, dannar ofte hybridar med andre myntearter.
  • Brukte plantedeler: Heil plante, berre blad eller den eteriske oljen som utvinnast ved dampdestillasjon av blad og blomsterstandar.
  • Bruk: smakskorrigens i tannkrem og munnvatn, medisin, te, mat, krydder, som strøurt mot insekt, mus og rotter.
  • Myntearter er klassifiserte som ikkje legemiddel i legemiddelverkets urteliste og kan omsetjast fritt.
  • I urtehagen er myntene plasserte i tønner for å hindra ukontrollert spreiing.
  • Skal ha vore brukt i lepra-medisinsk behandling.

Eigenskapar etter tradisjonen

Peparmynte stimulerar fordøyingsprosessen, skal vera appetittvekkjande, galledrivande, kvalmedempande, kvalmehemmande, tarmgassdempande, astringerande, svakt bedøvande, betennelseshemmande, antiseptisk, bakterie-, virus- og sopphemmande, kjølande, åreutvidande, smertestillande, krampeløysande, roande, slimløysende, urin- og sveittedrivande, menstruasjonsregulerande, hostedempande og reinsande på hud og slimhinner. Peparmynte skal òg verka psykisk lyftende, avslappande og nervestyrkjande.

Peparmynte har etter tradisjonen vore brukt ved dårlig fordøying, magesmerter, tarmgass, gallestein og annan gallesjukdom, leversjukdom, kvalme, brekkingar, hard mage, diaré, nervøs mage, tjukktarmsbetennelse, irritabel tjukktarm, ulcerøs kolitt, Crohn’s sykdom, tarmkolikk, syreoverskot, luftrørskatarr, sår hals, biholebetennelse, nasekatarr, forkjøling, influensa, hoste, astma, bronkitt, slimhinnebetennelsar i munnhola, tannkjøtbetennelse, illeluktande pust, tann- og øyreverk, herpessår, feber, hetetokter, ledd- og senebetennelse, fibromyalgi, hovne område, blåmerke, åreknutar, urinsyregikt, revmatisme, muskel- og skjelettplager, kløe, hovudverk, migrene, sjokk, nevralgiar, mental og fysisk trøyttleik.

Personar som lett får halsbrann bør unngå peparmynte, då den kan forverra plagene.

Utvortes

Peparmynteolje og andre preparat som inneheld mentol, blir i stort omfang brukte utvortes til smertelindring ved hovudverk, migrene, muskel- og skjelettplager. Nokre få dropar peparmynteolje kan gniast inn i panne og tinningar ved spenningshovudverk. Den kjølande verknaden skuldast mentolinnhaldet som påverkar kuldereseptorane.

Peparmynteolje er truleg den mest brukte av alle eteriske oljar. I farmasøytiske produkt blir peparmynteolje ofte tilsett både for terapeutisk verknad og for smakens skuld.

Å tygga på friske mynteblad er et fint middel mot illeluktande pust, samtidig som det kan gjera tennene kvitare og lindra munnsår. Ein kan gni friske blad av peparmynte på insektstikk for å dempa smerten.

Utvortes bruk av peparmynteolje reknast som trygt, men høge konsentrasjonar kan gje kløe, utslett og hovudverk, og enkelte er hypersensitive for urta.

Ein bør ikkje bruka peparmynteolje om ein har hjarteflimmer, epilepsi eller andre nerveforstyrringar. Peparmynteolje må heller ikkje brukast av gravide og ammande, då den mellom anna kan redusera mjølkeproduksjonen.


Litteratur

  • Chevallier, Andrew: Damms store bok om medisinske urter, Oslo, N.W.Damm & Søn, 2003. ISBN 82-496-01-58-0
  • Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
  • Grieve, mrs. M.: A Modern Herbal, Merchant Book Co. Ltd. 1931, rev. ed. 1973. ISBN 1-904779-01-8
  • Hjelmstad, Rolv: Medisinplanter i Norge, Oslo, Gyldendal, 2012. ISBN 978-82-05-41914-8
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Ljungqvist, Kerstin: Nyttans växter , Dals Rostock, Calluna Förlag, 2006. ISBN 91-631-7128-7
  • McVicar, Jekka, Damms store bok om urter, N.W.Damm & Søn A/S, 2003. ISBN 82-04-09266-0
  • Nielsen, Harald: Lægeplanter og trolddomsurter, København, Politikens Forlag, 1976. ISBN 87-567-2665-1
  • Olesen, Anemette: Lægeplanter fortæller historie, Forlaget Kongsvang, 1997. ISBN 87-984854-8-2
  • Pahlow, M: Das grosse Buch der Heilpflanzen, Augsburg, Bechtermünz Verlag, 2001. ISBN 3-8289-1839-5
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5