Mentha spicata

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Mentha spicata

Mentha spicata

  1. norsk: grønmynte, grønnmynte, engelsk mynte, spearmint.
  2. dansk: grøn mynte.
  3. svensk: grönmynta.
  4. engelsk: spearmint, garden mint, lamb mint, fish mint, german spearmint, green mint, silver mint, spire mint, sage of Bethlehem, our Lady's mint.
  5. tysk: Grüne Minze, Wilde Pfefferminze, Ähren-Minze, Bocksbalsam, Katzenkraut, Grüne Rossminze, Spearmint.
  6. fransk: baume vert, menthe verte, menthe romaine. menthe en grappe.
  • Lamiaceae, leppeblomstfamilien, fleirårig, dannar ofte hybridar med andre myntearter.
  • Brukte plantedeler: Heil plante, berre blad eller den eteriske oljen som utvinnast ved dampdestillasjon av blad og blomsterstandar.
  • Bruk: smakskorrigens i tannkrem og munnvatn, medisin, te, mat, krydder, som strøurt mot insekt, mus og rotter.
  • Myntearter er klassifiserte som ikkje legemiddel i legemiddelverkets urteliste og kan omsetjast fritt.


Eigenskapar etter tradisjonen

Grønmynte er aromatisk, fordøyelsesfremjande, stimulerande, magestyrkjande, kvalmedempande, tarmgassdempande, krampeløysende, urindrivande og svakt menstruasjonsfremjande. Den eteriske oljen verker bl.a. avkjølande, oppfriskande, bedøvande, appetittvekkjande, stimulerande, antibiotisk og slimhinnesamantrekkjande.


Utvortes

Om ein har sprukken hud på hendene, kan ein vaske dei med eit sterkt avkok av grønmynteblad. Å tygga på friske grønmynteblad er et fint middel mot dårleg ande, samtidig som det kan gjera tennene kvitare og lindra munnsår. Ein kan gni friske blad av grønmynte på insektstikk for å dempa smerten.

Grønmynte er meir eigna enn peparmynte til bruk i mat. Blada kan etast, rå eller kokte, og med sin sterke myntesmak kan dei brukast til å setja smak på salatar og kokte matrettar. Blada vert ofte brukte i sauser, og i England er myntesaus eller myntegelé rekna som fast fylgje til matretter med lam. Urtete kan lagas av friske eller tørka blad. Den har ein forfriskende smak, og gjev ei rein kjensle av i munnen og hals.

På grunn av god smak og antiseptisk verknad, brukast grønmynteolje svært ofte i munnvatn og tannkremar. I såper brukast han gjerne sammen med andre eteriske oljar. Oljen vert mykje nytta som smaksstoff i tyggegummi, snop, dessertar, bakverk og drikkar, og kan også vera smakstilsetjing i tobakk og snus.

Eit gamalt råd mot svermande bier er å gni inn bikuba med grønmynte.


Litteratur

  • Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
  • Grieve, mrs. M: A modern herbal 1931, rev. ed. 1973, Merchant Book Company Ltd, Surrey. ISBN 1-904779-01-8
  • Hjelmstad, Rolv: Medisinplanter i Norge, Oslo, Gyldendal, 2012. ISBN 978-82-05-41914-8
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Ljungqvist, Kerstin: Nyttans växter , Dals Rostock, Calluna Förlag, 2006. ISBN 91-631-7128-7
  • Atha, Antony: Prismas stora Örtabok, Stockholm, Bokförlaget Prisma, 2002. ISBN 91-518-3966-0
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5