Malva moscata

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Malva moscata

Malva moscata

  1. norsk: moskuskattost, silkeserk, moskusblomst, knappeblomst, guttesnåv
  2. dansk: moskuskatost, moskus-katost
  3. svensk: myskmalva
  4. engelsk: musk mallow, musk-mallow
  5. tysk: Moschus-Malve, Abelmoschus, Indische Hibiscus-Malve
  6. fransk: mauve musquée
  • Malvaceae, kattostfamilien, fleirårig.
  • Gammal klosterplante
  • Brukte plantedeler: blad, blomst, rot, heil urt og frø.
  • Bruk: prydplante / grønsak / medisinplante / tekstilplante ( fibrar i stilk og greinverk).
  • Ikkje klassifisert som legemiddel i legemiddelverkets urteliste.

Eigenskapar etter tradisjonen

Namnet kattost kjem av at frøa med litt velvilje kan likna på ein liten ost. Sidan det ikkje er ein skikkeleg ost, har katten vorte knytt til namnet, så ein forstår at det skal oppfattast spøkefullt. Den svake angen av moskus planta gjev frå seg, særleg i varmt ver, er òg med i namnet til moskuskattosten. Rota som har ein søtleg smak, vart i eldre tider brukt til tannkost.

Heile planta kan etast, og både blad, blomst og frø kan brukast i salatar og suppe. Planta er rik på A, B og C-vitaminar. Som legeplante har moskuskattost vore mykje brukt både mot hard mage og diaré, blæreproblem og nyrestein. Planta er òg god mot sår hals og hoste og skal gje auka mjøkeproduksjon hos ammande kvinner. Det er særlig som slimløysende middel planta har vore brukt i folkemedisinen. Generelt har moskuskattost mange av dei same eigenskapane som apotekarkattost, men i svakare grad.

Utvortes

Som grautomslag på sår, kviser og byllar, utslett, insektstikk og opphovningar.

Litteratur

  • Grieve, mrs.M: A modern herbal 1931, rev. ed. 1973, Merchant Book Company Ltd, Surrey. ISBN 1-904779-01-8
  • Høeg, Ove Arbo: Ville vekster til gagn og glede, Universitetsforlaget AS, 1985. ISBN 82-00-06321-6
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Ljungqvist, Kerstin: Nyttans växter, Dals Rostock, Calluna Förlag, 2006. ISBN 91-631-7128-7
  • Olesen, Anemette: Danske klosterurter, Aschehoug Dansk Forlag, 2001. ISBN 87-11-16243-0
  • Olesen, Anemette: Lægeplanter Fortæller Historie, Forlaget Kongsvang, 1994. ISBN 87-984854-8-2
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5