Lonicera caprifolium

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Lonicera caprifolium

Lonicera caprifolium

  1. norsk: kaprifol, duftkaprifol, ekte kaprifol, kaprifolium.
  2. dansk: ægte kaprifolie, kaprifolie.
  3. islandsk: vaftoppur.
  4. svensk: kaprifol, äkta kaprifol, trädgårdskaprifol.
  5. engelsk: honeysuckle, sweet honeysuckle, perfoliate honeysuckle, Dutch honeysuckle, Italian honeysuckle, Italian woodbine, goat's leaf.
  6. tysk: Jelängerjelieber, Geissblatt, Echtes Geissblatt, Wohlriechendes Geissblatt, Garten-Geissblatt.
  7. fransk: chèvre-feuille, chèvrefeuille des jardins.


  • Caprifoliaceae, kaprifolfamilien, fleirårig.
  • Kaprifol liknar på vivendel (Lonicera periclymenum), men skil seg frå denne arta ved at dei to øvste stengelblada hos kaprifol er vaksne saman til ei breid skål rundt stengelen. Siden det skålforma øvre bladparet ikkje vert utvikla før planta dannar blomsterstandar, vil planter med berre vegetative skot lett kunne forvekslast med vivendel.
  • Brukte plantedeler: blomst, blad, bork, bær, frø og eterisk olje.
  • Bruk: medisin, mat, parfyme, magi.
  • Klassifisert som legemiddel i Legemiddelverkets urteliste.


Eigenskapar etter tradisjonen

Blomst og blad av kaprifol skal verka kjølande, avførande, urin- og sveittedrivende, slimløysande, krampeløysande, hostelindrande, brekkingsframkallande, antiseptisk, mjukgjerande og sårheilande. Fruktene av alle kaprifolarter medfører oppkast ved inntak. Dei har òg avførande eigenskapar, men vert oppfatta som giftige. Kaprifol har etter tradisjonen vore brukt ved generelle luftvegsplager, hoste, astma, urinsyregikt, nyrestein, leversjukdom, sår hals, munnsår, halskatarr, hudinfeksjonar og betennelse i tjukktarmen.

Utvortes

Blada er astringerande og uttrekk har vore brukt som gurglemiddel og munnskyllevatn ved sår hals og munnsår. Te av både blad og blomst har vore mykje brukte som vaskevatn og omslag ved hudinfeksjonar. Elles er det ei gammal tru at om ein forsiktig knuser friske kaprifolblomster mot panna, vil det styrkje den psykiske krafta.

Både blom og blad av kaprifol kan etast. Blomane plukkast rett før dei er heilt utsprotne. Dei inneheld mykje nektar og er milde og søte på smak. Blada kan kokast og brukast som grønsak.

Den eteriske oljen frå kaprifol har vore mykje brukt i parfymeindustrien.

Kaprifol vart tidlegare brukt innvortes ved mange medisinske plager, men no er urta berre tilrådd brukt utvortes ved hudbetennelsar. Ved inntak i for store dosar vil teikn på forgifting vera brekkinger, diaré, raudning og krampe.

NB! Bæra av alle kaprifolarter reknast som giftige.

Litteratur

  • Bremness, Lesley: Den store urteboken, Oslo, Gyldendal Norsk Forlag A/S, 1990. ISBN 82-05-19139-5
  • Chevallier, Andrew: Medisinske urter, N.W.DAMM & SØN AS, 2003. ISBN 82-496-0158-0
  • Grieve, mrs. M: A Modern Herbal, Merchant Book Co. Ltd. 1931, rev. ed. 1973. ISBN 1-904779-01-8
  • Hjelmstad, Rolv: Medisinplanter i Norge, Gyldendal Norsk Forlag AS, 2012. ISBN 978-82-05-41914-8
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Ljungqvist, Kerstin: Nyttans växter, Calluna Förlag, 2006. ISBN 91-631-7128-7
  • McVicar, Jekka: Urter for kropp og sjel, Oslo, Hilt og Hansteen, 1996. ISBN 82-7413-350-1
  • McVicar, Jekka: Jekka´s complete herb book, London, RHS, 2007. ISBN 978-1-85626-741-0
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5