Ledum palustre

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Ledum palustre

Ledum palustre

  1. norsk: finnmarkspors, vill rosmarin, stinkgras, finnete.
  2. dansk: mose-post, finmarks-post, pors, vild rosmarin.
  3. svensk: skvattram, getpors, vildpors.
  4. engelsk: marsh tea, Labrador-tea, wild rosemary.
  5. tysk: Sumpf-Porst, Porst, Wilder Rosmarin.
  6. fransk: lédum des marais, lède, lédier, bois de savane.


  • Ericaceae, lyngfamilien, fleirårig.
  • Brukte plantedeler: friske eller tørka stenglar og blad.
  • Bruk: prydplante / medisinplante / insekts- og musemiddel
  • Finnmarkspors er klassifisert som legemiddel i legemiddelverkets urteliste og har såleis omsetningsrestriksjonar.


Eigenskapar etter tradisjonen

Giftig i større dosar. Berusande, slimhinneirriterande, brekkmiddel, krampeframkallende, abortframkallende, samantrekkjende (astringerande), slimløysende, urindrivande, avførande, sveittedrivende, desinfiserande og magestyrkande.

Utvortes

Utvortes irriterande, aukar blodstraumen i huda, insektsavskrekkande. Den eteriske oljen i finnmarkspors har antiseptiske eigenskapar, og med den kraftige lukta verker planten avskrekkande på ulike insekt og skadedyr. Finnmarkspors vart lagd på låve og i kornlager for å skremme bort mus, og husdyra slapp lettare unna insektsplaga når dei vart vaska med eit sterkt avkok av planten. Linné fortel at på Öland vart finnmarkspors lagt i halmen i grisebingane for å få bort lus. Også for menneske har avkok av finnmarkspors tradisjonelt vore brukt som avlusingsmiddel, og kvistar kunne leggast mellom sengetøyet for å bli kvitt veggelus og skabb.

Litteratur

  • Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
  • Hjelmstad, Rolv: Medisinplanter i Norge, Oslo, Gyldendal, 2012. ISBN 978-82-05-41914-8
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Pahlow, M: Das grosse Buch der Heilpflanzen, Augsburg, Bechtermünz Verlag, 2001. ISBN 3-8289-1839-5
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5