Lavandula officinalis

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Lavandula officinalis

Lavandula officinalis ( angustifolia)

  1. norsk / dansk / svnsk: lavendel
  2. islandsk: lavender
  3. engelsk: lavender, true lavender, English lavender
  4. tysk: Lavendel, Echter Lavendel
  5. fransk: lavande, lavande officinale, lavande vraie
  • Lamiaceae, leppeblomstfamilien, fleirårig.
  • Gammal klosterplante.
  • Brukte plantedeler: blad, blomst, blomstrande greinspissar eller heil plante.
  • Bruk: prydplante / lukttplante / krydder / medisinplante.
  • Ikkje klassifisert som legemiddel i legemiddelverkets urteliste.

Eigenskapar etter tradisjonen

Roande og søvndyssande, antidepressiv, krampeløysande og smertestillande, mage- og nervestyrkjande, galle-, urin- og slimdrivande, blodtrykkssenkjande, menstruasjonsregulerande, mildt samantrekkjande, antiseptisk, bakterie- og sopphemmande, insektsdrepande og- skremmande og hudirriterande.

Hildegard von Bingen (1098-1179) skriv, omsett frå tysk hjelper ved lever- og lungeproblem og ved insektplage

Utvortes

Frisk plante vart gnidd på gikt, hovne område og verkjande sår. Lavendeluttrekk var svært aktuelt som munnvatn ved sår i munnen og ved vond lukt av pusten.

Overlege Danielsen nemner i boka frå 1847, i samband med leprabehandling, Rögninger af adstringerende Urter f.Ex Flores Lavandulae. Ved stadig Brug av disse Midler, gjenvinder den ydre Hudflade lidt efter lidt sin Glands og sin Fasthed.

Bukettar til å pusta gjennom var mykje brukt ved fare for smitte, særleg ved pest. Lavendel vart òg strødd på golvet i kyrkjer og private heimar av same grunn og fordi insekta skyr lavendellukta. NB! Do-bukettar.

Kvinner sydde lavendel inn i hattar og andre klesplagg for å unngå kvalme og anna ubehag. Lavendelputer kjenner vi òg i vår tid.

Lavendel er ein del av krydderblandinga «Herbes de Provence».

Litteratur

  • Atha, Antony: Prismas stora örtabok, Stockholm, Bokförlaget Prisma, 2002. ISBN 91-518-3966-0
  • Biggs, McVicar & Flowerdew: The complete book of vegetables, herbs & fruit, London, Kyle Cathie Ltd. 2004. ISBN 1-85626-571-4
  • Chevallier, Andrew: Damms store bok om medisinske urter, Oslo, N.W.Damm & Søn, 2003. ISBN 82-496-01-58-0
  • Christophersen, Ansof Wyller: I Ansofs urtehage, Oslo, Gyldendal Norsk Forlag AS, 1988. ISBN 82-05-17660-4
  • Danielsen, D.C. & Boeck, C.W.: Om spedalskhed, Christiania, Chr. Grøndahls trykkeri, 1847.
  • Das grosse Buch der Hildegard von Bingen, Köln, Naumann & Göbel Verlag. ISBN 978-3-625-11415-4
  • Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
  • Grieve, mrs.M.: A Modern Herbal, Merchant Book Co. Ltd. 1931, rev. ed. 1973. ISBN 1-904779-01-8
  • Grünwald & Jänicke: Grüne Apotheke, München, Gräfe & Unzer Verlag. ISBN 978-3-7742-6464-0
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Lunden, Jens: Medisinske urter - Naturens legende planter, Oslo, Teknologisk Forlag A/S, 1982. ISBN 82-512-0213-2
  • McVicar, Jekka: Damms store bok om urter, N.W.Damm & Søn A/S, 2003. ISBN 82-04-09266-0
  • McVicar, Jekka: Den store boken om urter for kropp og sjel, Oslo, Hilt & Hansteen, 2002. ISBN 82-7413-350-1
  • National Geographic Society: Desk reference to nature´s medicine, Washington D.C. ISBN 0-7922-3666-1
  • Olesen, Anemette: Danske Klosterurter, Aschehoug Dansk Forlag A/S, 2001. ISBN 87-11-16243-0
  • Olesen, Anemette: Lægeplanter fortæller historie, Forlaget Kongsvang, 1997. ISBN 87-984854-8-2
  • Pahlow, M: Das grosse Buch der Heilpflanzen, Augsburg, Bechtermünz Verlag, 2001. ISBN 3-8289-1839-5
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5

Eksterne lenkjer

Nynorsk

«—«»»