Kongressen i Edinburgh

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Edin.1.jpg

Den 37. internasjonale farmasihistoriske kongressen vart avvikla i Edinburgh i dagane 22. til 25. juni 2005.

Lord Provost of Edinburgh (tilsvarande Lord Mayor i andre byar), The Rt Hon Lesley Hinds, kasta glans på vegne av dronninga og bad oss på sitt direkte og ujålete, skotske vis om å legga att mest mogeleg pengar etter oss i Edinburgh.

Kongressen vart ei fin og minnerik oppleving for både aktive deltakarar og ledsagarar, til saman ca. 300 personar, faktisk frå alle verdsdelar.

Vi kunne velja mellom kring 80 ulike foredrag på diverse tungemål der engelsk i år var det dominerande, heldigvis for oss skandinavar.

Representanter fra Norden

Nordmennene hevda seg kjempebra i år med heile seks foredrag ved Henrik Andersgaard, Rolf Klevstrand, Norma Saugen, Yngve Torud, Nina Aldin Thune og Bjarne Thune.

Utanom oss var det berre Bo Ohlson frå Sverige som hevda vår nordiske ære. I år var vi i alt 11 norske til stades, mot berre eit par personar frå kvart av dei andre nordiske landa.

Det er tydeleg at vi som kjem frå eit land der farmasihistoria snart berre kan opplevast på museum, har eit stort behov for å treffa kollegaer frå land, der historia i stor grad er tatt vare på i stadig like livskraftige anlegg.

Vertskapet

Tilskiparane hadde gjort ein flott jobb med både faglege og sosiale arrangement.

Vi sender ei stor takk til Edinburgh og spesielt til vår vert, den alltid like aktive og inkluderande Dr. Peter Worling, like lun og hyggeleg og velsigna lite snobbete, anten han stod på talarstolen og la fram skotsk farmasihistorie, innbaud til stor gallamiddag eller spela fele i The Scottish Music Group Band.

Vi byrjar alt å sjå fram til neste kongress og neste gjensyn med våre entusiastiske vener og kollegaer frå diverse land, i Sevilla i 2007.

Se også