Iris pseudacorus

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Iris pseudacorus

Iris pseudacorus

Pseudácorus, falsk acorus. Acorus, kalmusrot.

Sverdlilja er opphavet til den heraldiske «franske lilje».

  1. norsk: sverdlilje, jonsoklilje, mækje (mækir, sverd på gammalnorsk), mææk
  2. dansk: gul iris
  3. svensk: svärdslilja
  4. engelsk: yellow iris, yellow flag
  5. tysk: Sumpf-Schwertlilie, Gelbe Schwertlilie
  6. fransk: iris des marais, iris faux acore, iris jaune
  • Iridaceae, sverdliljefamilien, fleirårig.
  • Brukte plantedeler: rotstokk (rhizoma), frø, blomst
  • Bruk: prydplante / medisin / «bitering» for baby / fiksativ for lukt /i parfyme og brennevin / fargeplante / kaffierstatning.
  • Iridis rhizoma, irisrot, «fiolrot» er ikkje klassifisert som legemiddel i legemiddelverkets urteliste.

Eigenskapar etter tradisjonen

Frisk rot er samantrekkjande, reinsande, oppkast- og avføringsmiddel, smertestillande, stimulerar menstruasjon.

Utvortes

Fersk rotstokk vart brukt utvortes ved sårbehandling. Knust i honning skulle sverdlilja kunna lækja «hòlsår», slik at det då vart danna nytt kjøt. Overlege Danielsen nemner i boka frå 1847 Iris som eit medikament i samband med leprabehandlinga. Kanskje hadde han med seg minst 700 år gammal lærdom, Hildegard von Bingen (1098-1179) hevdar nemleg at irisrot, riven godt ut i gammalt feitt, hjelper mot begge typer lepra, særleg om ein i tillegg drikk mykje geitemjølk.

Ei snei av frisk rot halden mot ei smertefull tann skulle ha raskt lindrande effekt.

Rota er i frisk tilstand veldig skarp og bitter. Turka rot er ikkje lenger bitter, virkar då berre samantrekkjande og lindrande. Tørka rot, eller rettare sagt rotstokk, luktar sterkt av fiol og vart kalla «fiolrot». Velluktande «fiolrot» vart brukt til lindring for småborn ved tanngjennombrot, nærmast som ein moderne bitering.

Tørka rot vart òg brukt som magestyrkjande middel: — naar Mafen, efter mand har faaet mad, ey vil vel lucke sig oc bestyrcke sig til at forrette sit Naturlig Verck oc Bestilling —

«Fiolrot» ikkje berre luktar godt sjølv, men har òg evne til å ta opp i seg og halda på andre lukter, difor mykje brukt i potpurri og ymse andre godluktartiklar, også likør. Ho har òg opp gjennom tidene vore brukt som materiale i velluktande rosenkransar.

Brende frø skal ha vore brukte til kaffierstatning.

Av blomsten kunne det framstillast ein vakker gulfarge, av rota svart farge.

NB! Alle plantedeler er rekna som giftige om dei vert etne, særleg rota, men berre i frisk tilstand. Hudkontakt kan gje irritasjon og allergi. Gravide kvinner bør unngå sverdlilja sidan ho skal kunna stimulera menstruasjonen!

Litteratur

  • Atha, Antony: Prismas stora örtabok, Stockholm, Bokförlaget Prisma, 2002. ISBN 91-518-3966-0
  • Biggs, McVicar, Flowerdew: Vegetables, herbs & fruit, London, Kyle Cathie Ltd, 2004. ISBN 1-85626-571-4
  • Danielsen, D.C. & Boeck, C.W.: Om spedalskhed, Christiania, Chr. Grøndahls trykkeri, 1847.
  • Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
  • Høeg, Ove Arbo: Planter og tradisjon, Oslo, Universitetsforlaget, 1976. ISBN 82-00-08930-4
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • McVicar, Jekka: Den store boken om urter for kropp og sjel, Oslo, Hilt & Hansteen, 2002. ISBN 82-7413-350-1
  • Naumann & Göbel Verlagsgesellschaft: Das grosse Buch der Hildegard von Bingen, Køln, 2009. ISBN 978-3-625-11415-4
  • Nielsen, Harald: Lægeplanter og trolddomsurter, København, Politikens Forlag, 1976. ISBN 87-567-2665-1
  • Nielsen, Harald og Sivertsen, Bente: Giftplanter, J. W. Cappelens Forlag A/S, 1979. ISBN 82-02-04225-9
  • Olesen, Anemette: Lægeplanter fortæller historie, Forlaget Kongsvang, 1997. ISBN 87-984854-8-2
  • Pahlow, M: Das grosse Buch der Heilpflanzen, Augsburg, Bechtermünz Verlag, 2001. ISBN 3-8289-1839-5
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5
Nynorsk