Ginkgo biloba

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Gingko biloba

Ginkgo biloba

  1. norsk: tempeltre, ginkgo
  2. dansk: ginkgo, tempeltræ.
  3. svensk: ginkgo, tempelträd, kinesiskt tempelträd.
  4. engelsk: maidenhair tree, ginkgo, duck's foot tree.
  5. tysk: Ginkgo, Fächerblattbaum.
  6. fransk: arbre aux quarante écus.
  • Ginkgoaceae, tempeltrefamilien, fleirårig.
  • Ginkgo biloba er eit "levande fossil" og er truleg den plantearta som har eksistert uendra i lengst tid på jorda. Fossile avtrykk av blad er daterte til å være ca. 230 millioner år. I urtehagen fungerar det som tuntre.
  • Brukte plantedeler: blad, frukt, frø
  • Bruk: medisinplante, frø også som snacks
  • Er klassifisert som legemiddel i urtelista frå Statens legemiddelverk.

Bruk etter tradisjonen

Blada skal ha evne til å stimulera og styrkkja blodomlaupet ved å mjuka opp og utvida blodårane. Dei skal òg ha bronkieutvidande, antiastmatisk, antiallergisk, krampeløysande, betennelseshemmande og antioksidant verknad.

Tempeltre har tradisjonelt vore brukt ved problem med kalde hender og føter, ved såkalla "røykebein", hovudverk, svimling, øyresus (tinnitus), dårleg høyrsel, dårleg hugs, konsentrasjonsvanskar, senil demens, Alzheimers sjukdom, åreforkalking, Parkinson's sjukdom, åreknutar, vitiligo (kvite hudflekkar), impotens, redusert seksuallyst, uregelmessige hjarteslag, hjarteinfarkt, slag, multippel sklerose, astma, angst, depresjon, diabetes og augeproblem knytte til diabetes, grå og grøn stær, makuladegenerasjon, schizofreni, generell trøyttleik, ymse kreftformer, PMS og hoste.

Frøa skal vera både sopp- og bakteriehemmande og har vore brukte ved urinvegsproblem, inkontinens og dårleg pust.


Personar med dårlig blodkoagulering må bruka tempeltre med varsemd siden urta kan gje auka blødningstendens. Difor bør ein òg slutta med tempeltrepreparat sju dagar før eventuell operasjon. Tempeltreprodukt må ikkje brukast samtidig med blodfortynnande medisin. Om ein brukar eit tempeltreprodukt fast over lengre tid, bør ein ta ein seks vekers pause for kvar sjette månad ein har brukt preparatet.

Litteratur

  • Chevallier, Andrew: Damms store bok om medisinske urter, Oslo, N.W.Damm & Søn, 2003. ISBN 82-496-01-58-0
  • Hjelmstad, Rolv: Medisinplanter i Norge, Oslo, Gyldendal, 2012. ISBN 978-82-05-41914-8
  • Ljungqvist, Kerstin: Nyttans växter , Dals Rostock, Calluna Förlag, 2006. ISBN 91-631-7128-7
  • Pahlow, M: Das grosse Buch der Heilpflanzen, Augsburg, Bechtermünz Verlag, 2001. ISBN 3-8289-1839-5
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5