Fallopia japonica

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Fallopia japonica

Fallopia japonica / Polygonum cuspidatum.

  1. norsk: parkslirekne, japanslirekne.
  2. dansk: japan-pileurt, japansk pileurt
  3. svensk: parkslide, rosenslide.
  4. engelsk: Japanese knotweed, Japanese winged knotweed, pointed knotweed, spear knotweed, Mexican bamboo, Japanese bamboo, crimson beauty, German sausage, donkey rhubarb, sally rhubarb, Japanese rhubarb, Japanese fleece flower, peashooter plant, Kontiki bamboo.
  5. tysk: Japan-Staudenknöterich, Langgespitzter Knöterich, Spitzblättriger Knöterich.
  6. fransk: renouée du Japon.
  • Polygonaceae, syrefamilien, fleirårig.
  • Brukte plantedeler: medisinsk er det rhizomar / røter av parkslirekne (Polygoni cuspidati rhizoma) som har vore nytta. Ferske bladskot kan etast og er brukte som mat. Utvortes har det vore brukt blad og oppmalne røter.
  • Bruk: medisin, mat, opphavleg importert som prydplante, men er i dag av mange oppfatta som eit plagsamt og "svartelista" ugras.
  • Polygonum- / fallopiaarter er klassifiserte som handelsvare i legemiddelverkets urteliste og kan omsetjast fritt.

Eigenskapar etter tradisjonen

Innhaldsstoff i parkslirekne skal kunna fungera som østrogenerstatning. Urta skal elles vera lever- og fordøyingsstyrkjande, betennelsesdempande, bakterie- og virushemmande, reinsande, urindrivande, avførande, slimløysande, mjukgjerande, astringerande, blodstillande, sårheilande, smertestillande, hostedempande, blodtrykks- og febersenkande og krefthemmande. Planta har tradisjonelt vore brukt ved plager i overgangsalderen, som hetetokter og svingingar i sinnsstemning, elles ved uregelmessig eller manglande menstruasjon. Vidare ved leverbetennelse, gulsott, gallestein, gjærsoppinfeksjon, borreliose, bronkitt, lungebetennelse, urinvegsinfeksjon, arteriosklerose, høge blodfeittverdiar, høgt blodtrykk, ved for få kvite blodlekamar, øyresus, revmatisk artritt, brannsår, byllar, ringorm og slangebitt.

Utvortes

Ulike medikament med parkslirekne har vore brukte ved behandling av forbrenningar. Det har vist seg at danning av brannskorpe vert stimulert, samtidig som planta gjev ein antibiotisk effekt. Knuste blad har vore brukte som omslag på svullar, kutt, skurv i hårbotnen og traumatiske skader. Det same har vore gjort med finmalen, tørka rot.

Parkslirekne har vore ei populær prydplante over hele verda og blir av mange ikke oppfatta som noko ugras.

Ferske skot som kjem tidlig om våren kan kokast og brukast som erstatning for asparges. Dei har ein syrleg smak og kan difor erstatta rabarbra i fruktsupe, pai og syltetøy. Også rota har vore brukt til mat. Under 2. verdskrig vart blada brukte som tobakkserstatning. Dei små blomane produserer myke nektar som honningproduserande insekt kan gjera seg nytte av seg, og birøktarar har gjerne planta parkslirekne nær bikubene.

NB! Parkslirekne bør ikkje brukast av gravide, heller ikkje saman med blodtynnande medisin. Overdosering og langvarig bruk kan medføre nyreskader!

Litteratur

  • Chevallier, Andrew: Damms store bok om medisinske urter, Oslo, N.W.Damm & Søn, 2003. ISBN 82-496-01-58-0
  • Duke, James A.: Handbook of Medicinal Herbs. Special Indian edition , CRC Press, 2002. ISBN 0-8493-1284-1
  • Hempen & Fischer: A Materia Medica for Chinese Medicine, Churchill Livingstone, 2009. ISBN 978-0-443-10094-9
  • Hjelmstad, Rolv: Medisinplanter i Norge, Oslo, Gyldendal Norsk Forlag, 2012. ISBN 978-82-05-41914-8
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Ljungqvist, Kerstin: Nyttans växter, Dals Rostock, Calluna Förlag, 2006. ISBN 91-631-7128-7
  • Normann og Railo: Norges spiselige plantr og bær, J.M.Stenersens Forlag A.S. 2015. ISBN 978-82-7201-599-1
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5