Equisetum arvense

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Equisetum arvense

Equisetum arvense

  1. norsk: kjerringrokk, åkersnelle, snelle, reverumpe, katterumpe, ekornrumpe, musrumpe, fylarover, jordnøtt, rokk, faksrokk, stukkenappe, stukk.
  2. dansk: agerpadderokke, almindelig padderokk, hesterumpe, kjærringrok, kjærrings-te.
  3. islandsk: klóelfting.
  4. svensk: åkerfräken, rävrumpa, rävsvans, puggråcka.
  5. engelsk: horsetail, common horsetail, field horsetail, corn horsetail, bottlebrush, shave grass, pewterwort, snake pipes, small scouring rush.
  6. tysk: Acker-Schachtelhalm, Scheuerkraut, Zinnkraut.
  7. fransk: prêle des champs, prêle, prêle queue de rat.
  • Equisetaceae, snellefamilien, fleirårig.
  • Brukte plantedeler: overjordiske grøne delar av planta.
  • Bruk: medisin, farging, sprøyting mot skadedyr

Eigenskapar etter tradisjonen

Kjerringrokk/åkersnelle er etter tradisjonen nærande, astringerande, mildt urin- og sveittedrivande, verkar styrkjande på urinvegane, aukar elastisitet og motstandskraft i bindevev og hud, er styrkjande for negler og hår, hjelper til å fjerna kvite flekkar frå neglene, regulerar feittstoffa i huda, styrkjer beinvekst, stimulerar koaguleringsprosessen og verker difor blodstillande og sårheilande. Planta skal òg vera immunstyrkjande, blodreinsande, antibakteriell, sopp- og betennelseshemmande, smertestillande, appetittstimulerande, fordøyingsfremjande, galledrivande, aukar kalsiumopptaket, er slimhinnestyrkjande, slimløysande, hostedempande og styrkjer veggen i kapillærårane. Kjerringrokk/åkersnelle er tradisjonelt brukt ved urinvegsinfeksjonar, blærekatarr, steinar i urinvegane, betennelse i prostatakjertelen, ved godarta forstørring av prostatakjertelen, urinsyregikt, blødningar også naseblødning, kutt, skrubbsår, sakteheilende sår, verkesår, forstuinger og beinbrot, osteoporose, frostknutar, munnsår, blødande tannkjøt, sår hals, lungelidingar, tuberkulose, blodig hoste, fordøyingsproblem, tramkatarr, gallestein, gulsott, sprø og veike negler, livlaust og matt hår, generell veikskap, anemi, irritert hud, akne, fotvorter, mjølkeutslett, eksem, hemoroidar, muskelsmerter, revmatisme, gikt, leddbetennelse, åreforkalking, kronisk hovne bein, inkontinens, sengevæting hos barn, diaré, dysenteri, uregelmessig menstruasjon og utflod.

Langvarig bruk av kjerringrokk i store mengder kan irritera nyrene. Inntak av større mengder frisk plante kan føre til forgiftning, noko som skuldast alkaloidet equisetin. Frisk urt inneheld òg enzymet thiaminase, som kan tappa kroppen for vitamin B1. Thiaminase blir øydelagt under tørking eller varmebehandling, og derfor er det uproblematisk å ta inn kjerringrokk i tilrådd mengd, basert på tørka eller kokt urt.

Utvortes

Uttrekk av kjerringrokk er tradisjonelt brukt til omslag og vask ved hudplager som irritert hud, mjølkeutslett og eksem, og for å lækja kutt, skrubbsår og leggsår. Eit avkok av urta i badevatnet verker gunstig på saktegroande sår og brot, hemoroidar, muskelsmerter, revmatisme og gikt. Slike bad kan òg brukast ved hudsjukdomar og utslett som dekkjer større delar av kroppen i tillegg ved hovne bein, frostknutar og andre utvortes plager. Til eit karbad brukast gjerne 100 g tørka plante som får trekkja inntil ein time i 1-2 liter kokande vatn, silast og brukast i badevatnet. Mykje kiselsyre er då oppløyst i vannet og vil videre kunna absorberast Eit kjerringråd mot fotvorter er å ta fotbad i kjerringrokkavkok. Dette bør gjerast kvar eller annankvar dag i 2-3 veker, eller til vortene har borte. Munn- og gurglevatn av kjerringrokk kan brukast mot munnsår, blødande tannkjøt og sår hals.

Annan bruk av kjerringrokk/åkersnelle

Dei grøne sommarstenglane har høgt innhald av krystallinsk kisel og har vore brukte som oppvaskkost til skuring av trekar og mejølkebøtter, eller som eit "sandpapir" til å pussa og polera tinn, messing og kopar.

Ved plantefarging gjev kjerringrokk ein lysegul eller oker farge når garnet først blir beisa med krom eller alun. I økologisk hagebruk blir kjerringrokkte brukt som eit sprøytemiddel mot skadedyr og soppangrep. Middelet styrkjer celleveggene i plantene slik at dei vert meir motstandsdyktige.


NB! Myrsnelle (Equisetum palustre) er den snellearten i vår flora som er liknar mest på åkersnelle, men denne er temmeleg giftig, så om ein skal samla kjerringrokk/åkersnelle til eige bruk, må ein væra heilt sikker på at ein ikkje ved eit mistak samlar myrsnelle!

Hos åkersnelle er det nederste leddet på greinene lengre enn kransen på hovedskotet, hos myrsnelle er det mykje kortare enn kransen på hovedskotet. Hos myrsnelle har greinene i kvar krans ofte ulik lengd, men planta kan òg mangle greinkransar. Det kan òg sitja eit sporehus i toppen av stengelen. Myrsnelle veks helst på myr og i veggrøfter og verkar glisnare enn åkersnelle. Dei andre snelleartene, engsnelle (equisetum pratense) og skogsnelle (equisetum sylvaticum) kan nok ha liknande verknad som åkersnelle, men det er åkersnelle som etter tradisjonen har best medisinsk effekt.

Kjerringrokk er nok framleis eit mykje vanlegare namn enn åkersnelle.

Litteratur

  • Chevallier, Andrew: Damms store bok om medisinske urter, Oslo, N.W.Damm & Søn, 2003. ISBN 82-496-01-58-0
  • Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
  • Grieve, mrs.M.: A Modern Herbal, Surrey, Merchant Book Co. Ltd. 1931, rev. ed. 1973. ISBN 1-904779-01-8
  • Hjelsstad, Rolv: Medisinplanter i Norge, Gyldendal Norsk Forlag AS, 2012. ISBN 978-82-05-41914-8
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Ljungqvist, Kerstin: Nyttans Växter, Calluna Förlag, 2006. ISBN 91-631-7128-7
  • McVicar, Jekka: Damms store bok om urter, N.W.Damm & Søn A/S, 2003. ISBN 82-04-09266-0
  • Nielsen, Harald: Lægeplanter og trolddomsurter, København, Politikens Forlag, 1976. ISBN 87-567-2665-1
  • Olesen, Anemette: Lægeplanter fortæller historie, Forlaget Kongsvang, 1997. ISBN 87-984854-8-2
  • Pahlow, M: Das grosse Buch der Heilpflanzen, Augsburg, Bechtermünz Verlag, 2001. ISBN 3-8289-1839-5
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5