Digitalis purpurea

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Digitalis purpurea

Digitalis purpurea

  1. norsk: revebjølle, revebjelle, røvebjølle, røvehanske, bjølleblom, røveleike, fingergull, fingerbjør, fingerbjølle, akkalei.
  2. dansk: almindelig fingerbøl, heksens klokke.
  3. svensk: fingerborgsblomma.
  4. islandsk: fingurbjargablóm.
  5. engelsk: foxglove, common foxglove, purple foxglove.
  6. tysk: Roter Fingerhut, Fingerhut.
  7. fransk: digitale pourpre.
  • Scrophulariaceae, maskeblomstfamilien, til vanleg toårig.
  • Brukte plantedeler: blad, blomst.
  • Bruk: prydplante / medisinplante / barneleike
  • Revebjølle er i Urtelista frå Statens legemiddelverk klassifisert som reseptpliktig legemiddel, og har såleis omsetningsrestriksjonar.

Eigenskapar etter tradisjonen

Hjartestimulerande, styrkande, urindrivande og sårheilande. Innvortes tradisjonelt brukt ved hjartesvikt og andre hjarteproblem, vatersott (ødem).

Utvortes

Utvortes på væskande sår og byllar.

Legemiddelhistorie

På slutten av 1700-talet oppdaga den engelske legen William Withering at revebjølla kunne vera eit effektivt legemiddel mot vatersott (ødem). Sjukdommen var mellom dei vanlegaste dødsårsakene på 1700-talet. Frå ei «klok kone» fekk han ei oppskrift som inneheldt ca. 20 ingrediensar og som ho hadde kurert mange hjertesjuke med. Withering kom fram til at det måtte vera revebjølleblada som var den mest verksame ingrediensen i blandinga. Etter 10 års eksperimentering med revebjølle som hjertemedisin, gav han i 1785 ut boka "An Account of the Foxglove and Some of Its Medical Uses".

Det skulle likevel gå lang tid før Witherings oppdaging vart allment akseptert, særlig på grunn av dei alvorlege biverknadene ein kunne få ved overdosering, og at mengda av aktive innhaldsstoff i plantene varierar mykje med veksestad, innhaustingstidspunkt og lagringstid.

Bruk av digitalis er omtalt i årsmeldingar frå leprahospitala i Bergen.

Legemiddel med bakgrunn i revebjølleblad var dei mest brukte medikamenta mot hjartesvikt heilt fram til på 1970-talet.

NB! REVEBJØLLE ER SVÆRT GIFTIG OG EIGNAR SEG ABSOLUTT IKKJE TIL SJØLVMEDISINERING! Inntak av få gram tørka blad, eller mindre enn 20 g friske blad, kan vera dødelig dose for ein vaksen person.

Litteratur

  • Chevallier, Andrew: Damms store bok om medisinske urter, Oslo, N.W.Damm & Søn, 2003. ISBN 82-496-01-58-0
  • Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
  • Grieve, mrs. M: A modern herbal 1931, rev. ed. 1973, Merchant Book Company Ltd, Surrey. ISBN 1-904779-01-8
  • Hjelmstad, Rolv: Medisinplanter i Norge, Oslo, Gyldendal, 2012. ISBN 978-82-05-41914-8
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Ljungqvist, Kerstin: Nyttans växter , Dals Rostock, Calluna Förlag, 2006. ISBN 91-631-7128-7
  • Nielsen, Harald: Lægeplanter og trolddomsurter, København, Politikens Forlag, 1976. ISBN 87-567-2665-1
  • Pahlow, M: Das grosse Buch der Heilpflanzen, Augsburg, Bechtermünz Verlag, 2001. ISBN 3-8289-1839-5
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5

Eksterne lenkjer