Conopodium majus

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Conopodium majus

Conopodium majus

  1. norsk: jordnøtt, jordnòt, sjyrrot, jordklautra
  2. dansk: svinenød
  3. svensk: nötkörvel
  4. engelsk: kippernut, arnut, jarnut, yarnot, jornut, jurnut, earth chestnut, groundnut, earthnut, pignut, hognut, St. Anthony´s nut
  5. tysk: Französische Erdkastanie
  6. fransk: conopode dénudé, jarnott, jernott, génottes, janottes, gernotes
  • Apiaceae (umbelliferae) skjermplantefamilien, fleirårig.
  • Brukte plantedeler: rotknollar, ferske og tørka.
  • Bruk: rotknollen mest brukt som godbit av folk og dyr.
  • Planta veks vilt i Lepramuseets urtehage
  • Det er ingen urtemedisinske tradisjonar knytte til jordnøtt.

Etter tradisjonen

Jordnøtt er ei fleirårig skjermplante med ein rund og knudrete rotknoll som sit 10 cm eller djupare nede i jorda. I Norge finst jordnøtt på slåtteeng og beitemark langs kysten, mest utbreidd frå Stavanger til Møre. I nokre område på Vestlandet er dette den aller vanlegaste skjermplanta. Arten manglar i dei austlige delene av landet. Jordnøtt veks vilt på Færøyane og Island, men ikkje i Sverige og Danmark. I slektskap står jordnøtt nær karve og gulrot. Rotknollen, jordnøtta, er til vanleg på storleik med ei stor hasselnøtt, men kan òg vera større, og har ein mild, nøtte- eller mandelaktig smak og konsistens. Under første verdskrig var det vanskeleg å få kjøpt mandlar i Bergen, og det vert fortalt at det då vart brukt jordnøtter som erstatning både ved baking og elles. Jordnøttene kan tørkast og smakar då meir mandel, men vart iallfall tidligare helst etne i fersk tilstand av born som på vår- og forsommardager hadde stor glede av å grava opp desse knollane. Etter at det brune skalet på knollene er skrella eller gnidd av mot grasbakken, kan dei skjerast i skiver og steikast lett i smør, eller brukast i salat som eit smakfullt garnityr. Knollane, som er spesielt rike på stivelse, kan òg kokast, men det let seg vanskeleg gjera å samla inn så mange av dei at dei kan utgjera eit viktig næringstilskot. Det beste er difor å eta dei friske knollane som snacks. Det er ingen urtemedisinske tradisjonar knytte til jordnøtt. I franske Normandie har planta mistenkeleg norskklingande namn: jarnott, jernott og liknande. Sameleis er det i engelske Yorkshire: yarnut og yernut. Truleg er dette ein arv etter vikingane. I Frankrike vart grisen trent opp til å ikkje berre grava opp trøflar men òg jordnøtter. I England vart dei rekna som mat for ungar, fattige folk og dyr.

Grunnen til at jordnøtta er representert i Lepramuseets urtehage er for det første at ho veks vilt mellom husa på St. Jørgens hospital og såleis kan ha vore nytta som ein liten godbit av dei som budde der. I tillegg har jordnøtta fylgt med andre planter som har sin bakgrunn i Botanisk hage/Arboretet på Milde. Sidan ho er ein typisk vestlending og er lite kjend elles i landet, er det litt stas å kunna visa ho fram til besøkande.

Litteratur

  • Forlaget Det Beste: Ville planter i Norge, Oslo, Det Beste A/S, 1986/1993. ISBN 82-7010-231-8
  • Fægri, Knut: Norges planter, Oslo 1960, J.W.Cappelens forlag.
  • Høeg, Ove Arbo: Ville vekster til gagn og glede, Oslo, Bergen, Stavanger, Tromsø, Universitetsforlaget AS, 1985. ISBN 82-00-06321-6
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1

Eksterne lenkjer