Chenopodium bonus-henricus

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Chenopodium bonus-henricus

Chenopodium bonus-henricus

Chenopódium, latinifisert gresk, liten gåsefot. Bonus-henricus, latin: den gode Henrik.

  1. norsk: stolthenrik, stolthenrikmelde
  2. dansk: stolt henrik, stolthenriks gåsefod, flerårig spinat
  3. svensk: lungrot, gode Henriks målla
  4. engelsk: good king Henry, poor-man´s asparagus, perennial goosefoot, markery
  5. tysk: Guter Heinrich, Wilder Spinat,
  6. fransk: chénopode bon-henri, épinard sauvage, ansérine bon-henri
  • Chenopoidaceae, meldefamilien, fleirårig.
  • Gammal klosterplante.
  • Brukte plantedeler: blad, unge skòt, frø og blomsteraks.
  • Bruk: mat / medisinplante / farge
  • Er ikkje tatt med i legemiddelverkets urteliste.

Eigenskapar etter tradisjonen

Ved kogning bliver urten blød og «blødgør maven», kogte, hakkede blade er bl.a. brugt mod forstoppelse, fortel Anemette Olesen. Det svenske namnet lungrot viser truleg òg til tradisjonell bruk i Sverige. Rota vart iallfall brukt som hostemedisin for sauer, kanskje òg for svenskar?


Elles vart nok Stolthenrik gjerne mest brukt til mat, unge blad til salat, kokte som spinat eller i gryter og supper. Unge aspargesliknande skòt og blomsteraks vart etne som grønsaker. Unge blad vart rekna som særleg veleigna for svake og blodfattige, og dei viser seg òg å vera rike på jern, kalsium, vitamin B1 og C.

Stolthenrik vart rekna som eit særs veleigna fór til oppfeiting av fjørfe.

Frøa vart brukte som eit mildt avføringsmiddel, men òg til å framstilla ein spesiell lærtype. Elles gjev heile planten ymse sjatteringar av raude og gyldne fargar til tekstilar.

NB! Ikkje for personar med nyreproblem eller revmatiske plager!

Utvortes

Blad som grautomslag hjelper mot sår hud. Arvid Månsson skriv i 1628: God Henrick är en kostelig ört till läkedom, brukas till plåster och salvor, och må man väl stöta henne gröna, och lägga uppå onda sår och skador, ty hon läker mycket väl.

Litteratur

  • Atha, Antony: Prismas stora örtabok, Stockholm, Bokförlaget Prisma, 2002. ISBN 91-518-3966-0
  • Biggs, McVicar & Flowerdew: The complete book of vegetables, herbs & fruit, Kyle Cathie Ltd. 2004. ISBN 1-85626-571-4
  • Bremness, Lesley: Urter, N.W. Damm & Søn AS - Teknologisk forlag, 1995. ISBN 82-512-0469-0
  • Chevallier, Andrew: Damms store bok om medisinske urter, Oslo, N.W.Damm & Søn, 2003. ISBN 82-496-01-58-0
  • Christophersen, Ansof Wyller: I Ansofs urtehage, Oslo, Gyldendal Norsk Forlag A/S, 1988. ISBN 82-05-17660-4
  • Corneliuson, Jens: Växternas namn, Stockholm, Wahlstrøm & Widstrand, 2ooo. ISBN 91-46-17679-9
  • Grieve, mrs. M: A modern herbal 1931, rev. ed. 1973, Merchant Book Company Ltd, Surrey. ISBN 1-904779-01-8
  • Grünwald/Jänicke: Grüne Apotheke, München, Gräfe & Unzer Verlag, 2004. ISBN 978-3-7742-6464-0
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Månsson, Arvid: En myckit nyttigh Örta-Book, Stockholm, Bogförlaget Rediviva, 1998. ISBN 91-7120-201-3
  • McVicar, Jekka: Damms store bok om urter, N.W.Damm & Søn A/S, 2003. ISBN 82-04-09266-0
  • McVicar, Jekka: Den store boken om urter for kropp og sjel, Oslo, Hilt & Hansteen AS, 2002. ISBN 82-7413-350-1
  • National Geographic Society: Desk reference to nature´s medicine, Washington D.C. ISBN 0-7922-3666-1
  • Olesen, Anemette: Danske Klosterurter, Aschehoug Dansk Forlag A/S, 2001. ISBN 87-11-16243-0

Eksterne lenkjer

Nynorsk