Centaurea montana

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Centaurea montana

Centaurea montana

  1. norsk: honningknoppurt
  2. dansk: bjerg-knopurt
  3. svensk: bergklint
  4. engelsk: perennial cornflower, mountain cornflower, bachelor´s button, mountain bluet
  5. tysk: Berg-Flockenblume
  6. fransk: centaurée des montagnes, bleuet vivace, bleuet des montagnes, jacée des montagnes
  • Asteraceae (Compositae), korgplantefamilien, fleirårig.
  • Brukte plantedeler: blomst, frø, blad.
  • Bruk: prydplante / medisinplante.
  • Ikkje tatt med i legemiddelverkets urteliste. Det er derimot den nære slektningen centaurea cyanus, kornblomst, men den er heller ikkje klassifisert som legemiddel.

Eigenskapar etter tradisjonen

Kornblomst og honningknoppurt, av mange kalla fleirårig kornblomst, vart rekna å ha stort sett likeverdige eigenskapar. Uttrekk av tørka blomst skal virka samantrekkjande, hostestillande, svakt urindrivande og menstruasjonsstimulerande, var mykje brukt ved såkalla vattersott, eller vatn i kroppen, ved forstopping, og ved blødande gummar. Avkok av blad lindra revmatiske plager.

Utvortes

Uttrekk av blå blomst, både av kornblomst og honningknoppurt vart brukt som skyllemiddel for trøytte, blå augo. Blad og blomst vart brukte i salvar mot sår og hudinfeksjonar.

Overlege Danielsen nemner Centaurea i boka frå 1847 samband med leprabehandling.

Litteratur

  • Danielsen, D.C. & Boeck, C.W.: Om spedalskhed, Christiania, Chr. Grøndahls trykkeri, 1847.
  • Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1
  • Pahlow, M: Das grosse Buch der Heilpflanzen, Augsburg, Bechtermünz Verlag, 2001. ISBN 3-8289-1839-5
  • Royal Horticultural Society: Enclycopedia of herbs, London, Dorling Kindersley Ltd. 2008. ISBN 978-1-4053-3238-5
Nynorsk