Centaurea jacea

Farmasihistorie fagwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Centaurea jacea

Centaurea jacea

  1. norsk: vanleg knoppurt
  2. dansk: almindelig knopurt
  3. svensk: rödklint,
  4. engelsk: brown radient knapweed, brownray knapweed, knapwort harshweed
  5. tysk: Wiesen-Flockenblume, Gewôhnliche Flockenblume
  6. fransk: centaurée jacée, tête de moineau


  • Asteraceae (Compositae), korgplantefamilien, fleirårig.
  • Brukte plantedeler: rot, frø, blomst.
  • Bruk: prydplante / medisinplante.
  • Ikkje tatt med i legemiddelverkets urteliste. Det er derimot den nære slektningen centaurea cyanus, kornblomst, men den er heller ikkje klassifisert som legemiddel.
  • Skal ha vore brukt i lepra-medisinsk behandling.


Eigenskapar etter tradisjonen

Er mildt samantrekkjande, opnar luftvegane, tynner ut slim og reinsar lungene, er god for sjukdommar som rammar hovud og nervar, alt dette får vi vita av Nicholas Culpeper (1616-1654).

Mrs. Grieve fortel ca 300 år seinare, i 1931, at i tillegg til bruksområda ramsa opp hjå Culpeper, vart venleg knoppurt mykje brukt til å lindra og lækja hudirritasjonar i samband med skabb. Ho fortel elles at mange av dei medisinske eigenskapane er felles for fleire av knoppurtene.

Overlege Danielsen nemner Centaurea i boka frå 1847 i samband med leprabehandling.

Utvortes

Knust knoppurt, og då må vi kanskje rekna med at det underforstått er rota, er vidkjend for å ta bort svarte og blå merke i huda, også dette i fylgje Culpeper. Vanleg knoppurt har hatt eit ry som sårmiddel, særleg i munn og svelg. I enkelte norske område er det tradisjon for at knoppurtblomster kan lækja sår.

Litteratur

  • Culpeper´s Complete Herbal, London, W. Foulsham & Co. Ltd. ISBN 0-572-00203-3
  • Danielsen, D.C. & Boeck, C.W.: Om spedalskhed, Christiania, Chr. Grøndahls trykkeri, 1847.
  • Forlaget Det Beste: Våre medisinske planter, Oslo, Det Beste A/S, 1984. ISBN 82-7010-156-7
  • Grieve, mrs. M.: A Modern Herbal, Merchant Book Co. Ltd. 1931, rev. ed. 1973. ISBN 1-904779-01-8
  • Høeg, Ove Arbo: Planter og tradisjon, Oslo, Universitetsforlaget, 1976. ISBN 82-00-08930-4
  • Lid, Dagny Tande og Johannes: Norsk flora, Oslo, Det norske samlaget, 7. utg. 2007. ISBN 978-82-521-6029-1


Nynorsk